logo1

Skjåk Almenning takkar for mange søknadar om villreinjakt i 2016.

Utanbygds jegerar som har fått tildelt villreinjakt, eller står på reserveliste har fått beskjed om dette per e-post. Innanbygds jegerar får tildelingsbrev i slutten av mai.

Vinterteljing viste at stamma på søraust og sørvest er mindre enn forventa, og som fylgje av det er det totalt sett ca 50 mindre kort enn i fjor. Alle kan derfor ikkje forvente å få jakt på terreng som omsøkt. På sørvest er det ekstra få kort i år for å auke stamma, og her har vi prioritert unge fyrstegongsjegerar/jegerar på opplæringsjakt med fylgje så langt det let seg gjere i høve kvota.

NYTT FOR VILLREINJAKTA 2016

Utvida jakttid

Jakttida er utvida med 4 dagar, dvs at ny jakttid hausten 2016 blir frå og med 20. august, til og med 14. september. 

Freda område på Skjåk søraust

Det er freda eit område på sørsida av Skjøle i Lundalen frå Sandgrove til Sandgrovskaret og vestover til synste Breagrovi (sjå kart). Årsaken til dette er for å forsøke få dei bukkane som ofte står i grenseland Lom/Skjåk til å trekkje skikkeleg over på Skjåk før ein startar jakta på dei. Tendensen har vore at bukkane har vorte påskotne på Storberka og Kvillingskulane med det som resultat at dei har trekt over til Lom.  Det blir altså ikkje høve til å jakte på freda område, og ein skal ikkje losne skot før dyra står på tørt land på nordsida av Skjøle på denne strekninga. Dersom det kjem fleire dyr i flokk blir det oppmoda om at heile flokken kjem over elva før ein løyser skot. 

Oversiktskart freda område på Skjåk søraust

Freda område og ny nordvestleg grense på Skjåk Nord

Området sør for Aursjoen, mellom vegen og Aura er freda som tidlegare. I tillegg er det endring i grensa mot nordvest. Grensa går nå langs Tora elv i Tordalen, vidare austover langs elva Tverråe til Torsvatnet. Frå Torsvatnet, austover langs etter elva Spongje, og vidare langs same vassdraget til grensa mot Lesja og vatn 1553.

Endring i overgangsavtale på Skjåk Nord

Det er nå overgangsavtale, dvs opne grenser med Lesja, Lom og Vågå onsdag og torsdag i veke 34, 35 og 36. Det er like mange jaktdagar med overgangsavtale som tidlegare, men altså litt endring i fordeling av desse dagane.

Oversiktskart grenser for villreinjakt på Skjåk Nord

raudalsbukkar

 

 

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.