logo1

Også i 2016 er det eit avgrensa antall småviltkort til salgs for utanbygds. Antall ledige kort er redusert noko frå i fjor, i tillegg til at rypejakta utan hund startar 15. september i år pga utvida jakttid på villrein. Jaktstart med hund er som tidlegare frå den 25/9.

Ledige småviltkort med og utan hund i felt A, B, C og D ligg ute på www.inatur.no med salstart 1. juni kl. 09:00. Her er det "fyrstemann til mølla" prinsippet som gjeld.

Hugs at for å kjøpe jaktkort på Inatur må du ha betalt jegeravgift på førehand.

 

rupemfrue 300x112

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.