logo1

Nokre få starta fiskesesongen allereie i april i hovudvassdraget, men for dei aller fleste er det sommarmånadane juni, og særleg juli og august som er mest aktuelle for fiske i Skjåk.

Per 27. mai er dei fleste vatn i Skjåk over ca 900-1000 moh ennå islagde. Men Liavatnet, Heggebottvatnet, Pollvatnet, og nokre vatn vidare oppover i Ottavassdraget er heilt isfrie. Det er også isfritt heile vassdraget inn til Mysubytta.

Båtane på Heggebottvatnet og Liavatnet er klare til bruk for dei som måtte ynskje! 

Det er gjort nokre endringar i fiskereglane for sesongen 2016. Det er ingen innstrammingar, men opna for fri maskevidde og auka antall garn på ein del vatn. På Pollvatnet og Pollodden er det nå opna for å fiske med mark og sluk/spinner i tillegg til fluge, det er likevel avgrensing i uttak av aure over 35 cm.

Nye fiskereglar for 2016 kan du laste ned her

 

img 4793

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.