logo1

Skjåk Almenning har fått løyve frå Skjåk kommune og Breheimen Nasjonalparkstyre til å nytte båtmotor på Glittervatnet i samband med utfisking. Vi håpar at flest mogleg har lyst til å bidra til at kvaliteten på fisken igjen blir bra på Glittervatnet!

Dersom nokon har lyst til å drive med utfisking ei natt eller to, er det høve til å låne Glitterbue, naust, båt med motor, og garn gratis.

I vilkåra som er sett frå forvaltningsmynde er det krav om at båtmotoren kun skal nyttas i samband med utfisking, derfor har vi sett eit minstekrav om at ein må sette minst 7 småbanda garn for å nytte seg av tilbodet. I tillegg er det krav om at alle fyller ut ei enkel køyrebok for kvar tur med båtmotor og fangstrapportering.

Utover dei 7 småbanda garna (22,5mm eller mindre), er det fritt fram for både antall garn og maskevidder på Glittervatnet.

Ta kontakt med oss for meir informasjon om du har lyst til å bruke hytte og utstyr på Glittervatnet.

 

nytt naust glittervatn

 

 

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.