logo1

Per 8. juli 2016 er fylgjande vatn/område isfrie i Skjåk;

Reinheimen og nordvestområde i Skjåk;

Frå Leirungsvatnet i aust, til Skarvedalen i vest er dei fleste vatn isfrie med unntak av Rognebergtjønne. Vidare nord og vestover er Dørtjønne, Dørvatnet, Storvatnet, Bollvatnet og Torsvatnet så godt som isfrie.

I Veltdalen er vi litt usikre, men mest sannsynleg er det snart isfritt her også. Grønvatnet har vi ingen rapportar frå, så der veit vi ikkje.  Alle vatn i Hamsedalen er isfrie.

Breheimen;

Glittervatnet, Lundadalsvatnet, Mysubyttvatnet, Syrtbyttvatnet og Sottjønnen er isfrie. Området Sekken-Søverdalen er vi usikre på om er isfrie då vi ikkje har rapportar frå her.

 

vestredortj

 

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.