logo1

Det er gjennomført rypetaksering i Skjåk i fyrste halvdel av august. Det er taksert på Aursjoen, Heggebottflye, Uppnåse, Sota, Skjellflye og Lendfjellet. Det er gått 30 liner og 28,2 km er taksert. Takseringa viser at det er store variasjonar frå dei ulike områda, men generelt litt mindre vaksen fugl enn i fjor. Samstundes er kyllingprduksjonen noko betre enn i fjor, og det er funne nokre bra kull (over 10) med store kyllingar i enkelte av felta. I andre felt er det lite av både vaksen fugl og kyllingar dessverre.

I villreinjakta og elles er det ikkje observert mykje fjellryper, så det verkar som det er langt mellom kulla. Dei kulla som er observert har ikkje veldig mange kyllingar, men dei kyllingane som er, er store.

Med bakgrunn i dette blir kvota fastsett til 1 lirype og 1 fjellrype per jeger per dag. I tillegg blir det fastsett ei begrensning på maks antall ryper per jeger per sesong på totalt 5 stk ryper. Kortsal for utanbygdsbuande er avslutta for i år.
Om det blir vinterjakt i nokre område tek vi stilling til seinare i haust.

Elles oppmodar vi alle jegerane om å hauste av kull og spare enkeltfugl og par.

Fjellrype2

 

 

 

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.