logo1

Fiskesesongen er definitivt på hell, og vi har fått inn ein del rapportar frå garnfiske i Skjåk - takk til alle som har levert!

Litt oppsummering av innkomne rapportar på nokre av vatna;

Leirungsvatnet; svært god kvalitet på fisken og brukbare fangstar på antall, men fangsten består av stor del utsett fisk (fisk som er fettfinneklyppt). Ca 85-90 % settefisk i fangstane.

Aursjoen; God kvalitet på fisken, men svært varierande fangst på antall. Liten andel utsett fisk (ca 10 % settefiskandel) tydar på brukbar naturleg rekruttering. Aursjoen blir fylgd opp med prøvefiske neste sommar, utført av eige prosjekt i regi av Fylkesmannen i Oppland. Les meir om dette prosjektet her. Ein vil også har meir fokus på tilretteleggingstiltak for Aursjoen i løpet av vinteren, meir info om dette kjem seinare.

Torsvatnet; På tross av lang sesong vart det ikkje mykje fiska på Torsvatnet i sommar (mykje pga vær og vind). God kvalitet, men litt lite på antall. Ca 10 % settefisk i fangstane.

Heillstuguvatnet; God kondisjon og kvalitet, men sjeldan over 30 cm lang.

Langvatnet (langs gml. Strynfjellsvegen); God kvalitet, men lite på antall.

Utfisking;

Det er fleire som gjer ein svært god innsats på utfisking i ulike vatn i Skjåk, ein ekstra stor takk til dei som brukar tid på dette!

Syrtbyttvatnet; totalt 430 fisk som er rapportert teke ut. Varierande kvalitet på fisken.

Syrtbyttjønn; totalt 217 fisk som er rapportert. Betre kvalitet enn på Syrtbyttvatnet.

Nedre Leirungsvatnet; Mykje fisk som er teke ut, varierande kvalitet.

Liavatnet; Også her er det teke ut mykje småfisk, kvaliteten er varierande.

Grotlivatnet; Varierande kvalitet, men mest småfisk.

Glittervatnet; Det er teke ut litt i underkant av 1000 fisk på Glittervatnet som er rapportert.  Kvaliteten er varierande, men mykje av den eldre fisken er mager. Utfiskinga fortsett til neste år - med båtmotor.

 

Har du ikkje levert fangstrapport er det aldri for seint, send nokre liner per e-post til oss, eller fyll ut skjema som du lastar ned her.

 

 

torsvatnet garn

 

 

 

 

 

 

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.