logo1

Som i fjor er det innført avgrensingar i jaktområde for rype vinteren 2017.

I fjor var heile felt B og C freda, men i år har vi opna for jakt i større område.

Areal som er freda i vinterjakta 2017;

Uppnåse (som også er freda om hausten).

Billingsdalen vest for Billingen, Breidalen og Langvasseggji heilt til fylkesgrensa mot vest er freda område.

Det er trekt ei sørleg grense frå Billingen, via Åsen Sæter og opp til høgdekote 1200 moh som fylgjer denne kota vestover til Heillstuguvassosen, og vidare frå der langs gamle Strynsfjellsvegen til fylkesgrensa.

På nordsida er det trekt ei grense frå Billingen opp til høgdekote 1100 moh og fylgjer denne vestover til Hamseviken, der den går ned i søre enden av fyrste vatnet på 984 moh, vidare opp på Viahøe - Breidalseggji og vasskilje vidare vestover til fylkesgrensa.

Kvote på maks 1 rype per jeger per dag, og totalt inntil 5 ryper per jeger for vinterjaktsesongen.

Ta kontakt med oss dersom noko er uklart.

Småviltkart freda område Skjåk vest 2

 

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.