logo1

I vinter har det vore fleire periodar med varme periodar og regn høgt til fjells, som har gjort at mykje areal med vinterbeite er dekt av tjukk is. Dette gjer at reinen ikkje får tak i laven som han er så avhengig av om vinteren. Marginane er små i høgfjellet, og berre små ekstra forstyrringar kan gje negative konsekvensar for villreinen og tæring på fettreservane. Dette kan i verste fall føre til at ein del dyr ikkje klarar seg gjennom vinteren, og at mange simler ikkje klarar å bere fram kalv.

Her er nokre punkt skiløparar og andre som skal til fjells gjerne kan vere merksame på for å unngå å skremme reinen unødig;

  • Ver ekstra merksame på rein i områda frå Langvasseggen, hyttefeltet ved Grotli, Hondsrøve, Glittervatnet og vidare austover ved Framruste. Reinen går mykje lenger ned mot skogen enn normalt.  
  • Ser dykk rein, så hald god avstand, og aller helst utanfor synsvidde - reinen har godt syn.
  • Reinen har også god luktesans, derfor er det best å halde seg i le side i høve der reinen går om dykk må gå rundt.
  • Hald god kontroll på hundar,slepp dei ikkje utanfor synsvidde - hald dei i band for sikkerheits skuld dersom ein kjem over spor etter rein. Reinen er kanskje nærare enn du trur!

 

reinifeb

 

  • Sist oppdatert: onsdag 24 May 2017, 08:58:11.