logo1

Skjåk Almenning takkar for mange søknadar om villreinjakt i 2017

Utanbygds jegerar som har fått tildelt villreinjakt, eller står på reserveliste får beskjed om dette per e-post i siste halvdel av mai. Innanbygds jegerar får tildelingsbrev i slutten av mai.

Det er ynskje om å prøve å redusere talet på jegerar noko, og som tiltak for dette har vi innført korttypa "simle og kalv" - og prioriterer jegerar som har søkt på dette. Vidare er det innført endringar i overgangsavtale mellom Lesja og Skjåk for å prøve å redusere jakttrykket.

Info om villreinjakta 2017

Jakttid

Jakttida blir som i 2016, dvs jakttid frå og med 20. august, til og med 14. september. 

Endring i overgangsavtale på Skjåk Nord

Det er nå ingen overgangsavtale, dvs ikkje opne grenser mellom Lesja og Skjåk under jakta.

Skjåk (og Lesja) har overgangsavtale med Fellesområde Finndalen, (dvs Lom og Vågå) tysdag og onsdag 30-31. august og 6-7. september. Desse dagane kan jegerar med kort frå Skjåk jakte i Finndalen fellesområde - men ikkje i Lesja. Jegerar med kort frå Lesja kan heller ikkje jakte i Skjåk, men jegerar med kort frå Fellesområde Finndalen kan jakte i både Lesja og Skjåk desse 4 dagane.

Unge jegerar (20 år og yngre) kan jakte i heile det opne jaktområde i Reinheimen under heile jakta.

kart blir lagt ut så snart det er klart.

Freda område på Skjåk søraust - blir vidareført også i 2017

I 2016 vart freda eit område på sørsida av Skjøle i Lundalen frå Sandgrove til Sandgrovskaret og vestover til synste Breagrovi (sjå kart). Årsaken til dette var å forsøke få dei bukkane som ofte står i grenseland Lom/Skjåk til å trekkje skikkeleg over på Skjåk før ein startar jakta på dei. Dette såg ut til å fungere i 2016, og bukkane kryssa Lundadalen fleire dagar tidlegare enn dei siste 3-4 åra. Tiltaket blir derfor vidareført.

Det blir altså ikkje høve til å jakte på freda område, og ein skal ikkje losne skot før dyra står på tørt land på nordsida av Skjøle på denne strekninga. Dersom det kjem fleire dyr i flokk blir det oppmoda om at heile flokken kjem over elva før ein løyser skot. 

Oversiktskart freda område på Skjåk søraust

Freda område og nordvestleg grense på Skjåk Nord

Området sør for Aursjoen, mellom vegen og Aura er freda som tidlegare. I tillegg blir grensa i nordvest oppretta i 2016 vidareført også i 2017. Grensa går nå langs Tora elv i Tordalen, vidare austover langs elva Tverråe til Torsvatnet. Frå Torsvatnet, austover langs etter elva Spongje, og vidare langs same vassdraget til grensa mot Lesja og vatn 1553.


raudalsbukkar

 

 

  • Sist oppdatert: onsdag 24 May 2017, 08:58:11.