logo1

Almenningsretten eller bruksretten i ei bygdealmenning ligg til jordbrukseigedomane i bygda. Bruksretten omfattar i praksis rett til å bruke almenninga si – for eksempel til ved, beite eller seter. Bruksretten og andre reglar omkring bygdealmenningar er nedfelt i lov av 19. juni 1992, Lov om bygdealmenninger. I tillegg er sedvanerett og rettspraksis viktig for almenningsretten. Ein kan ikkje dele frå eller særskilt selje bruksretten frå jordbrukseigedomen.

Retten til trevirke til eigedomens behov ved jordbruksmessig drift er i dag den økonomisk sett viktigaste bruksretten. I praksis fungerer den slik at ved kjøp av trematerialer til bruk i jordbruksdrifta gjev allmenninga ulike rabattar avhengig av kva som blir kjøpt. Den enkelte allmenning kan også gje bidrag til en del byggematerialar som erstattar trevirke.

Forvaltning av bruksretten ligg til almenningsstyret, og det er almenningsstyret som skal sikre ei forsvarleg forvaltning og utnytting av almenninga innanfor lova sine rammer.

Her kjem nyttig informasjon til deg som har bruksrett: IMG 1763-Skåret-Skjåk

Bruksreglar i Skjåk Almenning

Informasjon til dei med bruksrettsseter i Skjåk Almenning   

Skjema til bruk ved eigedomsoverdraging

Informasjon og retningsliner bruksrettsytingar (sist revidert 25.juni 2015)

Søknadsskjema for bruksrettsytingar (sist revidert 25. juni 2015)

 

Årsmeldingar

Årsmelding 2015

Årsmelding 2014

Årsmelding 2013

Årsmelding 2012

Årsmelding 2011

Årsmelding 2010

  • Sist oppdatert: mandag 26 June 2017, 12:20:57.