logo1

I Skjåk kan du fiske i over 250 km med fiskeførande elver på eit og same fiskekort! 

Hovudvassdraget, Otta elv fylgjer ein gjennom heile Skjåk langs Riksveg 15 - og byr på mange moglegheiter med lett atkomst til fiske. Vassføringa er som oftast liten i slutten av mars, april og delar av mai, før snøsmeltinga i fjellet tek til for fullt - vanlegvis ikkje før i slutten av mai. Utover sommaren endrar vasstanden i elvene seg raskt i takt med nedbør og temperatur som påverkar snø- og bresmeltinga. 

Breslam og leirpartikklar frå isbreane i Breheimen fargar elvene, og fleire store innsjøar turkise. Elver og innsjøar i Reinheimen er ikkje brepåvirka i like stor grad, og derfor stort sett klare klare.


ove skim fiskOtta elv, strekningen Dønfoss-Skim 
Frå Marlo bru og vidare nedover til Skim, og grensa mellom Lom og Skjåk er det fleire fine fiskeplassar. Her er det både harr og aure i vassdraget. Særleg tidleg vår, når det er lite vassføring i elva, er det lettare å få stor fisk. Dette er ofte utgytt aure som har overvintra i større hølar, og vanlegvis er ikkje denne auren særleg eigna til mat - ein oppfordrar derfor alle til å sette ut att dei store aurane då dei er viktige bidragsytarar for å få ein større andel stor fisk i elva! Likeins er hausten ei god tid 
Andre bra fiskeplassar på strekninga er blant anna ved Ofossen, langs elva ved turløypa Bismorunda, Harsheimhølen og ved Bokkoddbrue. Vidare oppover Nordberg er det også fleire stader det er bra fiske. Vi arbeider utover våren med å merke og rydde fleire av desse fiskeplassane. 




dsc 003711589Tundradalen i Breheimen Nasjonalpark
For dei som ynskjer ein lengre fisketur, kan me anbefale elva Tundra som fylgjer Tundradalen i Breheimen Nasjonalpark. Det naturlege utgangspunktet er ved Tundradalssætra. Vidare fylgjer ein umerka, men tydeleg stig innover mot Grønstorrbue. Det er fleire fine hølar å fiske i innover. Elva har sitt utspring frå fleire isbrear innover, Gjelåbrean, og elva vert ikkje klar før ein kjem innafor Ytre Gjelåe. Aure er einaste fiskeart i elva. Det er ein del småfisk innover, men det fins også aure på halvkiloen. Forbi Grønstorrbue og vidare innover mot Tundradalsbotnen er det mogleg å få fisk på kiloen. Det er mogleg å fiske med all slags reisskap, også fluge. Frå sommaren 2012 er det på plass bru ved Grønstorrbue slik at elva vert lettare å krysse. 
Overnatting: Grønstorrbue, eventuelt frå Sottjønnbue, ellers er det mange fine teltplassar innover Tundradalen. For kart og fleire bilde frå Tundradalen, sjå  www.iskjåk.no 



fiskarar i lundadalenLundadalen i Breheimen Nasjonalpark
Også elva Skjøle i Lundadalen kan by på bra elvefiske.
Utgangspunktet for denne turen er Lundadalssætra. Det er merka DNT stig innover dalen. Etter ein er ferdig med stigninga i starten, svingar dalen meir vestover, og vidar seg ut. DNT stigen kryssar over på sørsida av dalen, men det er tydeleg stig på begge sider av elva innover. Fisket vert betre dess lenger innover ein kjem, og særleg utløpsosen på Lundadalsvatnet er kjent for å gje bra fangster. Det er vanleg å få aure på 2-300 gram, og fisk på halvkiloen er mogleg å få. Ved Lundadalsvatnet er det fleire fiskebuer, og det nærmaste ein kjem eit fiskevær i Skjåk. 
Overnatting: Sauhytta, elles er det mange fine plassar å slå opp telt innover Lundadalen. For kart og fleire bilde frå Lundadalen, sjå www.iskjåk.no  



stilla mot mysubyttaElva Stilla, Røykjeskålsvatnet og Mysubytta
Ein lett tur med utgangspunkt frå Sota Sæter eller Mysubytta. Elva Stilla har sitt utspring frå fleire isbrear i Breheimen, den er derfor sterkt brepåvirka om sommaren. Frå Sota Sæter til Mysubytta er det merka stig som går langs elva oppover. Det er fleire fine fiskeplassar oppover, ein del småfisk men også fisk på halvkiloen er mogleg å få. Frå setrene på Mysubytta kan ein fortsette innover Mysubyttdalen langs elva innover til Mysubyttvatnet. Det er vanleg å få aure på 300 - 500 gram.

  • Sist oppdatert: tirsdag 01 August 2017, 06:48:09.