logo1

Skjåk Almenning har lange tradisjonar for fiskekultivering og utsetting av aure i fjella våre. 
Generelt er det mange vatn med lite eller ingen naturleg rekruttering, og derfor vert det årleg sett ut om lag 3000 tosomrige settefisk, mesteparten på vinteren. Ein god del av inntektene frå fiskekortsalet går til innkjøp av settefisk. 

Vi har oversikt over utsetting av fisk så langt attende som til 80-talet og fram til i dag. Ynskjer du denne oversikten kan du få den tilsendt per e-post ved å kontakte oss. 

Prøvefiske er ein metode for å få eit overblikk over tilstanden i eit vatn. Eit omfattande prøvefiske er tidkrevjande og relativt kostbart, og bør derfor berre prioriterast i viktige vatn der ein er usikker på status og vidare forvaltning. Du kan lese meir om prøvefiske og metode i rapportane under. 

Det er gjennomført prøvefiske i ei rekke vatn i Skjåk dei siste 10 åra, dei fleste gjennom prosjektet "bedre bruk av fiskeressursane i regulerte vassdrag i Oppland". Elles er det også gjennomført prøvefiske i fleire større vatn av Skjåk Almenning dei siste åra.

Resultat av prøvefiske som kan du laste ned her:

Prøvefiske 2010 Heillstuguvatnet, Langvatnet gml. Strynfjellsvegen, Liavatnet og Syrtbyttvatnet.

Prøvefiske 2011-2012 Leirungsvatnet, Torsvatnet og Lundadalsvatnet

Prøvefiske 2013 Glittervatnet

Prøvefiske 2014 Kolbeinsvatnet, Grønvatnet, Heimste Veltdalsvatnet og Fremste Veltdalsvatnet.

Fangstrapportering er ein meir kostnadseffektiv måte å få inn data og status på eit vatn. Det forutset at opplysningar som vert gjeve er så objektive som råd. Antall fisk som vert teke ut må registrerast, og aller helst bør ein ta seg tid til å måle lengde og vekt for å berekne k- faktor på eit utval av fiskane i ulik storleik. Sidan 2003 vart all vintersett fisk fettfinneklyppt. Dette for å få eit overblikk over naturleg rekruttering i fjellvatna. Då fisk i fjellvatn kan bli godt over 10 år gamle, vil det endå ta nokre år før all settefisk som ikkje er fettfinneklyppt er ute av systemet.

Særleg på Aursjoen, Torsvatnet, Lundadalsvatnet og Leirungsvatnet og andre fjellvatn der det vert drive eit ganske omfattande garnfiske, er det viktig å få eit overblikk over eventuell naturleg rekruttering. 

Å få ein oversikt over uttak og kvalitet er særleg viktig i vatn der ein er usikker på om det er gyting eller ikkje - slik at vi kan tilpasse utsetting i høve uttaket. Har du lyst til å hjelpe oss med å levere inn fangstrapportar kan du laste ned skjema under, registrere data og sende dette til oss. Evnetuelt send ein e-post med dine synspunkt og erfaringar.

Fangstrapportskjema kan du laste ned her

  • Sist oppdatert: mandag 26 June 2017, 12:20:57.