logo1

Skjåk Almenning har innført sportsfiskesone på strekninga frå Pollfoss nedover til og med utløpet av Pollvatnet, der det er terskel.

ove kastar flogo
Gjeldane reglar for 2016 er;

·         All garnfiske og oterfiske er forbudt i sportsfiskesona

·         Det er tillatt å fange, og avlive maks 1 ørret over 35 cm per dag. Fritt uttak av ørret under 35 cm.

·         Tillatt redskap er stang og håndsnøre med flue, mark og sluk/spinner.

·         Det fiskes med innklemte mothaker eller mothakeløse kroker for minst mulig skade på fisken som skal settes ut igjen.

For barn og unge under 16 år gjeld ikkje desse reglane (jf lakse og innlandsfiskelova § 18).  

 

Hovudmålet vårt med å ha restriksjonar på strekninga er å ta betre vare på den store auren som er der, og auke andelen stor aure. 

Det er viktig å ta vare på den store auren av fleire årsakar;

  • Auren i Otta elva veks relativt sakte, og brukar vanlegvis mellom 6 - 8 år for å nå ein størrelse på 35-40 cm.  Ein må derfor prøve å redusere dødlegheiten på stor fisk for å få fleire store aurar i elva. 
  • Stor aure er fiskespiser, og er såleis med og regulerar bestanden av småfisk.
  • Det er viktig at den auren som blir stor, og veks raskt får bringe genene sine vidare. I motsett tilfelle der dei minste fiskane får reprodusere mest, vil ein på lang sikt kunne få ein seleksjon mot at det "lønner" seg å vere liten - og dermed ende opp med ein mindre gjennomsnittstørrelse.
  • Meir stor fisk vil gje eit meir attraktivt område for fiske generelt. 

Vidare er det fleire årsakar til at vi har innført avgrensingar i fiske akkurat ved Pollodden og Pollvatnet;

  • Vi har få eller ingen andre område i Skjåk Almenning som eignar seg like godt for flugefiske som Pollvatnet og Pollodden. I dette omådet er det også mogleg å vade for å kome til gode fiskeplassar. 
  • Rekrutteringa av fisk er svært god i Pollvatnet, og såleis er det bra at ein tek ut små fisk - men fiske med oter og garn gjer det vanskeleg å sette ut att stor fisk som eventuelt vert fanga. 

Å bygge opp eit bra tilbod for sportsfiskarar med ein større andel stor aure vil ta nokre år, men på sikt vil ein etter all sannsynlegheit oppnå resultat. Tilsvarande avgrensingar i uttak av stor aure gjennom "fang og slepp" forvaltning har gjeve gode og målbare resultat blant anna i Hemsila og øvre delar av Glomma. 

Fang og slepp - fiske har lenge vore omdiskutert, NINA har nå kome ein rapport om korleis dette påverkar fisken;

"Ørreten i Hemsila tåler fang-og-slipp fiske" - NINA rapport

Når ein skal sette ut att fisk er det viktig å handtere den så varsamt som råd for å unngå skader; 

  1. Bruk krokar utan mothaker
  2. Bruk hov utan knutar
  3. Fukt hendane godt før du tek i fisken
  4. Ikkje løft fisken etter halen
  5. Ikkje ta inn i gjellene
  6. Om du skal løfte fisken er det viktig å støtte godt under fisken
  7. Hald fisken mest mogleg i vatnet
  8. Unngå kontakt med bakken då dette som oftast vil føre til skader 
  9. Reduser berøring til minst mogleg
  10. Dess kortare tid fisken vert handtert, dess større sjanse er det for overleving

Elles anbefalar vi område frå Marlo og austover til Lom grense for flugefiskarar - her er det også stor harr å få! Området er utanfor Skjåk Almenning, men fiskekortet for utanbygds gjeld også privatstrekninga i Skjåk.

 

  • Sist oppdatert: mandag 26 June 2017, 12:20:57.