logo1
friluftsliv Skjåk har nærast uendelege moglegheiter for eit aktivt friluftsliv året rundt:
  • Over 250 km med merka turstigar som er omtalt i heftet "på tur i Skjåk", eller du kan planlegge turen på www.iskjåk.no. Fleire av stigane har utgangspunkt frå Billingen. 
  • "Fjellgeita" er turorientering for barn og unge med 10 nye turmål kvart år rundt omkring i Skjåk sommarstid.
  • Skjåk har 18 toppar over 2000 meter. 
  • Besøk Tverrådalskyrkja 2088 moh - ein av Norges flottaste toppturar!
  • Skridulaupen 1949 moh - flott område for vårskitur for heile familien.
  • Skjåk Almenning har 13 hytter i fjellet til utleige for alle, det er også fleire DNT hytter og ruter i Skjåk.
  • Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og det er store område med lite besøk av folk som ligg klare for nærare utforsking!
  • Ynskjer du meir tilrettelagte friluftsaktivitetar, rafting, juving eller breturar har Lom og Skjåk Adventure aktivitetar for dei fleste.
  • Skjåk Turlag arrangerar også eit utval guida turar i løpet av sommaren.

 

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.