logo1

sykkelPå grusveg: spesielt sykkelturen mellom Pollfoss, Sota Sæter og Mysubytta byr på mykje vakker natur, elles er det også flott å sykle langs Gamle Strynefjellsvegen. Ynskjer du meir motbakkar kan du "klatre" dei drøye 700 høgdemeterane opp til Aursjoen. Det arbeidas med å få til eit meir samanhengande sykkeltilbod gjennom heile kommunen.

På asfalt er det fint å sykle frå Billingen og vidare vestover Breidalen mot Geiranger. For dei som vil ha ein krevjande tur kan dei sykle opp til Dalsnibba, eventuelt sleppe seg nedover mot Geiranger.

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.