logo1

aursjobuinatur a


Ligg ved Vikhøe 1140 moh, inntil vegen mot Aursjoen. Flott utsikt både mot Reinheimen Nasjonalpark og Breheimen Nasjonalpark på andre sida av Ottadalføret.
5 sengeplassar, innlagt straum, kokeplater og kjøleskåp. Fint utgangspunkt for fiske på mellom anna Aursjoen og turar innover fjellet i Reinheimen Nasjonalpark.


Plassering:
Aursjobu ligg 1140 moh, ved Vikhøe inntil bilvegen innover mot Aursjoen.

Atkomst:
Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km  vest for Bismo. Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved Aursjobu på Vikhøe. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse: 
M711-serien kartblad Aursjoen 1518 I

Koordinatar: 
UTM 32 Euref 89: Nord 6866126 Øst 0459818

Hytta/bua
Bua er ca. 20 m², og har 5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.
Standard Kjøkkenet er utstyrt for med bestikk, dekketøy og kjelar. Innlagt straum med kokeplater og kjøleskåp. Vedomn. Utedo. Sjå elles felles standard innhaldsliste.
Vatn Vatn bør bringas med eller eventuelt hentas i kanne/bøtte i Aursjoen.

Mobildekning:
Det er ikkje mobildekning akkurat ved hytta, men kjem eit lite stykke utover bilvegen mot bygda er det mobildekning.

Fiske/turar:
Ta med båt og garn for fiske på Aursjoen, lovleg med bruk av motor inntil 9,9 hk på Aursjoen. Aursjobu er også eit fint utgangspunkt for dagsturar til fleire fine fiskevatn iområdet, samt fotturar innover Ottadalen landskapsvernområde og Reinheimen Nasjonalpark. Det er merka fleire turstigar i området med utgangspunkt like ved hytta.

Anna
Aktuell for turar på vinter:  Vegen til Aursjoen er oftast vinterstengt, eller open 3-4 km avhengig av snø/føretilhøva.

Attende åt hytteoversikt ->

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.