logo1

glitterbueinatur a

 

Ligg ved Glittervatnet i Breheimen Nasjonalpark, ca 1-1,5t gange på merka stig frå Botn Seter. Bua er ca 24 m², og har 4 sengeplassar. Vedfyring og naudsynt kjøkenutstyr med gasskokeapparat. Naust med båt og garnkasse, bra fiske- og turmoglegheiter. Aktuell vår, sommar og haust.

 

 

Plassering
Glitterbue ligg ved Glittervatnet i Breheimen Nasjonalpark ca 3,5 km frå bilveg.

Atkomst
Frå Botn Seter. Køyr av Rv 15 like sør for Pollfoss Gjestehus mot Framruste. Ta til høgre etter 650 meter mot Botn seter. Merka stig frå Botn seter på nordsida av elva Glitra heilt fram til Glitterbue. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711-serien 1518 IV Pollfoss

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord 6870173 Øst 436148

Hytta/bua
Bua er ca. 24 m² medrekna yttergang, og har 4 sengeplassar (+ 2 ekstra madrassar) i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Høvesvis stor yttergang med utstyr og ved. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat. Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte/kanne frå Glittervatnet ca 450 meter frå hytta.

Mobildekning
Mobildekning ved hytta.

Fiske/turar
Det er båt i naustet ved Glittervatnet, ca 450 meter frå hytta. Skjåk Almenning har naust i austre enden av Glittervatnet (nr 3 sett frå nord mot sør på kartet, GPS koordinatar N 6869788 Ø 435993). 4 stk 26 mm og 4 stk 35 mm garn + flytevestar i garnkasse ved naust. I tillegg til Glittervatnet som er eit framifrå fiskevatn, er det fleire fiskevatn i fin turavstand (ca 5 km), mellom anna Blankåtjørnin og Huguvardtjørnin. Aktuell for toppturar til Skridulaupen.

Anna
Ikkje eigna på vinterstid, men aktuell for vårskiturar.

Attende åt hytteoversikt ->

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.