logo1

gronstorbueinatur a

 

Ligg i Tundradalen i Breheimen Nasjonalpark, ca 2-3 t gange på umerka men tydeleg stig frå Tundradalsseter. Bua er ca 20 m², og har 4-5 sengeplassar. Vedfyringog naudsynt kjøkenutstyr med gasskokeapparat.

 



Plassering
Grønstorrbue ligg i Tundradalen i Breheimen Nasjonalpark, ca 8 km og 2-3 t gange frå bilveg.

Starthøgde
904 moh, Grønstorrbue ligg på 1120 moh.

Atkomst
Frå Tundradalssetra. Ta av R 15 ca 250 meter før/etter Coop Bruvoll ved Dønfoss. Det står eit lite kvitt skilt med Tundradalen på. Betalingsbomveg. Køyr 9,3 km innover etter Tundradalsvegen og parker på Tundradalssetra. Kryss elva Tundra over brua ved setra, vidare er det umerka, men tydeleg stig innover Tundradalen på nordsida av elva til Grønstorrbue. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711-serien 1518IV Pollfoss

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord 6852979 Øst 441057

Hytta/bua Bua
er ca. 20 m², og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Liten yttergang med ved og utstyr, tørkerist over omnen. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat. Vedomn, ved i yttergang.
Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte frå elva Tundra like ved hytta.

Mobildekning
Det er ikkje mobildekning i dette området.

Fiske/turar
Fine fiskeplassar med bra fiske i elva Tundra når denne ikkje går flaumstor. Vidare innover Tundradalen ligg Tundradalstjørnin, også med bra kvalitet på fisken. Andre fiskemoglegheiter med Grønstorrbue som utgangspunkt, er til Storgrovtjørnin og Grønstorrgrovtjørni som ligg om
lag 3 km nordvest og ca 400 høgdemeter frå bue.

Anna
Også aktuell for skiturar på ettervinter og vår, men Tundra

Attende åt hytteoversikt  ->

gronstorbue2

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.