logo1

gronvassbuinatur a

 

Ligg nordvest i Skjåk Almenning, ved Grønvatnet i eit svært stille og fredeleg område. Omlag 4 t gange frå bilveg.
Hytta har 4-5 sengeplassar,og vart nyoppført i 2008.
Båt med motor iGrønvatnet og garn tilutlån i hytta.

 


Plassering
Grønvassbu ligg nordvest i Skjåk Almenning ved Grønvatnet om lag 13 km og 4 timars gange frå veg.

Atkomst
Følg DNT-stig frå Grotli Hotell opp lia og nordvestover mot Kjerringtjønn. Ved Kjerrigtjønn tek ein ”nedlagt” DNT-stig av til høgre mot Viksvatnet og følgjer Viksvatnet på austsida til Skrådalen. Det er stor ur og vanskeleg å gå langs Viksvatnet ifuktig vær. Gå gjennom Skrådalen og følg stigen fram til Grønvatnet og Grønvassbue.

Starthøgde
908 moh, Grønvassbu ligg på 1280 moh. Alternativ rute er å starte ved Stuttgongen og gå inn Vuludalen. Etter kvart på umerka men tydeleg stig på austsida av vatnet.
For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711-serien 1819 III Tafjord

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord Øst

Hytta/bua
Bua er ca. 21 m² og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Yttergang med utstyr og ved. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat.
Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte i Grønvatnet eller bekk nord for hytta, ca 50 unna.

Mobildekning
Det er ikkje mobildekning i dette området.

Fiske/turar Fin fisk i Grønvatnet, men dette er regulert og kan i enkelte tilfelle gjere det vanskeleg åfå båten utpå. Elles er det fine fiskemoglegheiter på turen innover i Vuludalen. Ogsåfleire bra fiskevatn i 1,5 – 2 km avstand frå hytta. Også aktuell for toppturar til for eksempel Torsnose.

Anna
Også aktuell for vårskiturar.

Attende åt hytteoversikt ->

gronvassbu2

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.