logo1

kvitbergyttainatur a

 

Ligg inst i Hamsedalen nordvest i Skjåk Almenning, på grensa over mot Vestlandet. 2,5-3 t gange frå bilveg.
Hytta har 4-5 sengeplassar, og vart nyoppført i 2010.

Plassering
Kvitberghytta ligg innast i Hamsedalen, nordvest i Skjåk Almenning. Hytta ligg 2,5 – 3timars gange frå bilveg.

Starthøgde
frå Geirangervegen er1022 moh, hytta ligg på 1050 moh.

Atkomst
Frå Geirangersida via Kolbeinsvatnet; Følg traktorvegen frå Geirangervegen opp til Kolbeinsvatnet og inn i Skjåk. Gå langs Kolbeinsvatnet og ned i Vien på DNT-merka stig.
I klarvær ser ein hytta på lang avstand, det er ca 750 meter frå DNT-stigen og bort til Kvitberghytta.
Ei alternativ rute er å parkere i Hamsevika på parkeringsplass ved Breiddalsvatnet/hyttefeltet, og gå delvis varda stig på venstre side av Hamsetjønnin innover, og i terrenget forbi Viatjønn, opp til Kvitberget og fram til hytta. Ein ser hytta på lang avstand også frå denne kanten. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711-serien kartblad 1319 III Tafjord

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord 6883227 Øst 418389

Hytta/bua
Bua er ca. 20 m², og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.
Ved og utstyrshylle ved inngangsdør. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat. Vedomn. Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte/kanne frå eit lite vatn sørvest for hytta – ca 100 meter.

Mobildekning
Det er stadvis mobildekning i området, ein kan få sendt SMS nokre stader i hytta.

Fiske/turar
Mange fiskemoglegheiter med Kvitberghytta som utgangspunkt. Skjåk Almenning har båt til utlån ved Fremste Viavatnet, og ved Viatjønne.

Anna
Flott område for skiturar på ettervinter og vår med Hamsevika som utgangspunkt

Attende åt hytteoversikt ->

kvitberghytta2

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.