logo1

raudalsbueinatur a

Ligg svært usjenert til i vestre enden av Raudalsvatnet, like inntilBreheimen Nasjonalpark.
På stig frå Framruste er det om lag 9 km og ca 2,5 – 3t gange langs Raudalsvatnet.
Hytta har vedfyring, naudsynt koke- og kjøkenutstyr.
Godt utgangspunkt for fiske, rypejakt og turar innover i Breheimen Nasjonalpark.

 

Plassering
Raudalsbue ligg ved Raudalsvatnet like inntil Breheimen Nasjonalpark, om lag 9 km og 2,5 – 3 t gange frå bilveg ved Framruste.

Atkomst
Køyr av Rv.15 ved Pollfoss, og fylg skilting mot Framruste. Etter 3 km kjører du over elva Framruste. Da ser du inngangen til Glitra kraftverk rett framfor deg. Etter nye 3 km tek du av vegen til høgre og du kjem du fram til brua over til Framrustsetra. Parker ved brua. Deretter fylgjer ein merka stig mot Raudberget.
Stigen fortset ned til, og langsetter Raudalsvatnet fram til hytta som ligg på ein liten odde i vestre enden av vatnet. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no Det er også mogleg å nytte båt med motor på Raudalsvatnet, kontakt Skjåk Almenning for meir informasjon og utleige av båt.

Kartreferanse
M711-serien kartblad 1418 I Skridulaupen og 1518 IV Pollfoss.

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord 6864943 Øst 432062

Hytta/bua Bua
er ca. 21 m², og har 4 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Ved og utstyrshylle ved inngangsdør. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat. Vedomn.
Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte i Raudalsvatnet like ved hytta.

Mobildekning
Det er ikkje mobildekning ved hytta.

Fiske/turar
Fisk i Raudalsvatnet. Elva vidare innover Raudalen er flott for sportsfiske, også flugefiske, men fisken er høvesvis liten. Raudalsbu er eit bra utgangspunkt for rypejakt, og med båt når ein eit større område.

Anna
Området kan vere utsett for snøskred, og ein anbefalar derfor ikkje området for uerfarne vinterstid.

Attende åt hytteoversikt ->

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.