logo1

skarvedalshyttainatur a

Ligg i Skarvedalen i Reinheimen Nasjonalpark. Litt over 10 km og ca 4 t gange frå Billingen.
Turen går stort sett på umerka og mange stader utydeleg stig innover Skarvedalen.
Bua er ca 21 m², og har 4-5 sengeplassar. Vedfyring og naudsynt kjøkenutstyr med gasskokeapparat.
Gode fiske- og turmoglegheiter. Også aktuell for vårskiturar med utgangspunkt frå Billingen


Plassering
Skarvedalshytta ligg i Reinheimen Nasjonalpark, litt over 10 km og ca 4 t gange frå veg.
Atkomst Køyr Rv15 til Billingen, og ta av riksvegen mot nord, opp setervegen og parker.
Det er to ruter å velje i;
Alternativ 1 er å fylgje raudmerka stig på austsida av Føysa innover fjellet til Føystjønn.
Turen til Føystjønn på 1320 moh er 4.4 km. Gå over Vesle Føysa og i terrenget mot Skarvedalen og fram til Skarvedalshytta.
Alternativt 2 er å parkere ved informasjonspunktet til Reinheimen. Gå langs umerka men tydeleg stig på vestsida av Føysa og følgje denne innover. Fylg elva innover og etter kvart austover til Skarvedalshytta. Lengde og tidsbruk er om lag lik for begge ruter, litt over 10 km og ca 4 t gange. Skarvedalshytta ligg på 1479 moh. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711-serien 1319 II Tordsvatnet.

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord 6881695 Øst 447536

Hytta/bua
Bua er ca. 21 m² og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Yttergang med utstyr og ved. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat.
Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte i bekken ca 60 meter frå hytta.

Mobildekning
Det er ikkje mobildekning i dette området.

Fiske/turar
Bra fisk i fleire vatn i 0,5 – 3 km radius frå hytta, og Skarvedalshytta er såleis eit godt utgangspunkt for fisketurar. Også flott område for toppturar til mellom anna Skarvedalseggje, Blåhøe og Gråhøe. Aktuell i forbindelse med rypejakt.

Anna
Også aktuell for vårskiturar med utgangspunkt frå Billingen.

Attende åt hytteoversikt ->

skarvedalshytta 2

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.