logo1

sottjonnbueinatur a

Ligg på Sotflye i Breheimen Nasjonalpark, ca 2,5 t gange frå Sota Sæter.
Bua er ca 21 m², og har 4 sengeplassar.
Båt på Sottjønne, flotte fiske- ogturmoglegheiter.

Plassering
Sottjønnbu ligg ved Sottjønnen i Breheimen Nasjonalpark ca 5 km og 2,5 t gange frå Sota Sæter.

Atkomst
Frå Sota Sæter. Køyr av R 15 sør for Dønfoss, godt skilta mot Sota Sæter. Frå Sota Sæter fylgjer ein stigen oppover lia til venstre. Etter ca 20 minutts gange kjem ein til eit kryss der tek ein til venstre mot Nørstedalsseter, og fylgjer DNT-stigen oppover langs bekken til det flatar litt ut på ca 1380- 1400 m høgde. Her går ein av stigen mot venstre (nordaustover ca 1 km) bortetter platået før ein dreiar over bakkekammen og peilar seg inn på bandet mellom øvre og nedre Sottjønn der det går greitt å krysse bekken.
Sottjønnbu ligg på bortsida av vatna. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711-serien 1518 IV Pollfoss og 1418 I Skridulaupen

Koordinatar UTM 32 Euref 89: Nord 6850879 Øst 435377

Hytta/bua Bua er ca. 21 m² og har 4 sengeplassar (+ 2 ekstra madrassar) i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Yttergang med utstyr og ved. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat. Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte i liten bekk/oppkome ca 100 meter frå hytta (nærare beskriving i hytta).

Mobildekning
Det er ikkje mobildekning ved hytta.

Fiske/turar
Båt og garn til utleige. I tillegg til Øvre og Nedre Sottjønn er det fleire bra fiskevatn i fin turavstand (ca 2 km) nede i Tundradalen. Aktuell for toppturar til Tundradalskyrkja.

Anna
Også aktuell for vårskiturar. Fint utgangspunkt for skitur til Holåtindene.

Attende åt hytteoversikt ->

sottjonnbue 1

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.