logo1

storhohyttainatur a

Ligg i Reinheimen Nasjonalpark. Ca 10 km og 3 t gange frå dammen i austreenden av Aursjoen. Umerka stig til hytta.

Bua er ca 21 m², og har 4 sengeplassar.
Vedfyring og naudsyntkjøkenutstyr med gasskokeapparat.
Gode jakt ogfiskemoglegheiter.

Plassering
Storhøhytta ligg i Reinheimen Nasjonalpark, om lag 10 km og ca 3 t gange frå veg.

Atkomst
Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av opp lia ca 5 km vest for Bismo. Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Køyr 5,5 km vidare langs Aursjoen til dammen. Parkeringsplass på austsida av dammen.
Gå frå dammen etter umerka, men tydeleg stig mot nordaust. Etter 2,0 km kryssar du ein gamal stig som går nordover mot Lordalen i Lesja. Etter 4,8 km ved Styggeværskvila, tek du stigen til venstre (stigen til høgre går til Leirungsvatnet). Vidare over Storflået og opp til hytta som ein ser på lang avstand i fint ver.

Starthøgde
er 1100 moh, Storhøhytta ligg på 1340 moh. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711-serien 1518 I Skjåk

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord 6873466 Øst 470319

Hytta/bua
Bua er ca. 21 m² og har 4 sengeplassar (+ 2 ekstra madrassar) i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Yttergang med utstyr og ved. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat.
Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte i liten bekk/oppkome ca 30 meter frå hytta. (kan tørke ut?)

Mobildekning
Det er delvis mobildekning ved hytta.

Fiske/turar Flott fisk i Leirungsvatnet og Utletjønnen, desse ligg om lag 1 – 3 km frå hytta. Aktuelt område for rypejakt.

Anna
Også aktuell for vårskiturar, men Aursjovegen vert berre brøytt 3-4 km oppover.

Attende åt hytteoversikt ->

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.