logo1

tverrahyttainatur a

Ligg 1040 moh i Tordalen i Reinheimen Nasjonalpark. 9 km og ca.2,5 - 3 t gange frå Billingen.
Passar bra for familiefisketur! Evt. kombiner med Storvassbu og Skarvedalshytta for rundtur i Reinheimen Nasjonalpark

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Til Tverråhytta;

Rv.15 til Billingen,opp sætervegen til parkering.DNT-stig på vestsida av Tora til Tverråe og over elva på sommarbru. Hytta ligg like ved DNT stigen.

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M 711-serien 1319 II Tordsvatnet. UTM 32 Euref 89:Nord 6883990 Aust 437686

Meir kart/info:www.iskjak.no

 

Turen til Tverråhytta er ein fin familietur då det er DNT stig fram til hytta, lite stigning og lettgått terreng. Vinterstid er det stikka DNT løype forbi Tverråhytta. Hytta har flott utsikt utover Tordalen og Torsnose som er den høgste toppen i området. 

Fine fiskeplassar i elva Tora når denne ikkje er flaumstor, men mykje småfisk. Bra fiske på Torsvatnet og fleire andre vatn lenger inn på fjellet i aust og nordaust for Torsvatnet med bra kvalitet på fisken. Tverråhytta ligg sentralt til langs DNT-nettet, og passar som overnatting i forbindelse med turar både til Veltdalshytta og Torsbu. Eventuelt er det fint å legg opp ein rundtur ei helg i Reinheimen NP frå hytte til hytte; Tverråhytta-Storvassbu-Skarvedalshytta. 

 

Hytta/bua 

Bua er ca. 21 m², og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.

Ved og utstyrshylle ved inngangsdør. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt for 4 -5 personar med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat.
Vedomn. Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte frå elva Tverråe, ca 200 meter frå hytta.

Mobildekning
Det er dårleg mobildekning i dette området. Mogleg å få sendt SMS nedanfor hytta enkelte stader.

Attende åt hytteoversikt ->

tverrahytta-2

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.