logo1

Kleivberget banner

Naturen rundt Liavatnet og Sota Sæter er storslått, vakker og variert. Det er noko for einkvar smak, og folk i alle aldrar og ulik fysikk finn terreng i nærområda som høver til eit aktivt friluftsliv og uteaktivitetar. For dei som søkjer ro, stillheit og avkopling er området perfekt.

Tomtene ligg om lag 750 moh i glissen furu- og bjørkeskog, i vesthelling ned mot Liavatnet.

Atkomst

Hyttefeltet ligg om lag 22 km frå Rv 15 der ein tek av ved Dønfoss. Ein fylgjer skiting mot Bråtå og Sota Sæter, betalingsbomveg frå Bråtå. Vinterbrøyta veg fram til Sota Sæter. Sommarbilveg vidare innover mot Mysubytta, ein vakker seterstul som ligg heilt inn mot Breheimen Nasjonalpark.

Tomtene

  • Punktfeste, der det er tillate med ei bygningsmessig eining
  • Tillate bruksareal er 125 kvadratmeter
  • Terrasse inntil 20 kvadratmeter
  • Bilveg fram til hytta
  • Tillate med innlagt straum
  • Det er ikkje tillate med innlagt vatn, men det er utbygd felles vasspost.
  • Det må nyttast biologisk toalett eller elektrisk forbrenningstoalett som er godkjent av kommunen.
  • Innfestingsavgift frå kr 130 000,-
  • Årleg festeavgift frå kr 3 500,-

Kontakt oss for nærare informasjon om dei ulike tomtene. 

Aktivitetar

  • Over 25 km med merka turstigar med utgangspunkt frå Liavatnet/Sota Sæter.
  • Mange bra fiskevatn og elvestrekningar i området
  • Moglegheit for småviltjakt
  • Oppkøyrde skiløyper frå Sota Sæter innover mot Mysubytta.
  • Tverrådalskyrkja 2088 moh ligg majestetisk mot sør og ventar på toppturbesøk både sommar og vinter!

 skilypersota

  • Sist oppdatert: mandag 26 June 2017, 12:20:57.