logo1
 
Vi ynskjer å friste også deg til eit opphald på ei av hyttene våre!
 
Skjåk Almenning har fleire enkle, men velutstyrte og trivelege hytter i fjellet til utleige for alle. Hyttene er fine turmål i seg sjølv, og flotte utgangspunkt for jakt, fiske- og fotturar. Du kan til dømes legge opp di eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen eller Reinheimen nasjonalpark. 
Dei fleste hyttene er godt isolerte og eignar seg for overnatting både sommar og vinter, sjå omtale av kvar enkelt hytte for nærare informasjon.

Kjøkenutstyr, propan og ved er det i hyttene, men ein må ta med seg mat og sovepose. I dei fleste hyttene er det sengeplass til 4-5 personar.
Hytta har ein for seg sjølv når ein leiger ho. Du kan leige hyttene på www.inatur.no  (søk på Skjåk Almenning) eller kontakte oss direkte.
 
Prisar
Kr 590,- / 690,- (vinter),- per døgn for utanbygds.
Kr 400,- / 500,-  (vinter) - per døgn for innanbygds. 
 
Generelle reglar
  • Buene disponerast frå kl. 15.00 innflyttingsdagen til kl. 15.00 avreisedagen.
  • Leigetaker vaskar hytta sjølv.
  • Har du med deg hund er desse velkomne på våre hytter.
  • Under reinsjakta er dei fleste hyttene i fjellet opne, då har aktive reinsjegarar fortrinnsrett til hyttene om det blir trongt om plassen.

Last ned hyttereglane våre her


Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår. Hent helst før kl. 21.00, ved forsinking ring tlf.612 14 024 (hugs å ta med kvittering om du har bestilt via Inatur).
  • Sist oppdatert: tirsdag 01 August 2017, 06:48:09.