logo1

Sauhyttainatur a

Ligg i Lundadalen i Breheimen Nasjonalpark, ca 2-3 t gange på merka stig frå Lundadalsseter.
Hytta vart oppført i 2009, er ca 21 m², og har 4-5 sengeplassar.
Vedfyring og naudsynt kjøkenutstyr med gasskokeapparat.
Båt og garn ved Lundadalsvatnet, ca 3 km frå hytta
.



Plassering
Sauhytta ligg i Lundadalen i Breheimen Nasjonalpark, ca 9,5 km og 2 3 t gange frå bilveg. Starthøgde 770 moh, Sauhytta ligg på 1141 moh.

Atkomst
Frå Heimaste Lundadalssætre. Køyr Rv15 mot aust frå Bismo og ta fylkesvegen mot Lundagrendi etter 3,5 km. Køyr fylkesvegen og ta Lundadalsvegen til venstreetter 2,1 km. Følg Lundadalsvegen 6,6 km til Lundadalssætre og parker. Bomveg.

Gå DNT
-merka stig frå setra over Skjøli på heilårsbru og opp Lundadalen. Etter 2 km på austsida kryssar ein elva til vestsida på heilårsbru. Følg stigen oppover dalen forbi ytste Lundadalssætre til Røysflatan og vidare på vestsida av elva, på godt synleg men umerka stig fram til Sauhytta.
På vinteren er Lundadalsvegen open berre ca 2 km. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711 Serien kartblad 1518 -I og 1518-IV

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord 6850270 Øst 453273

Hytta/bua
Bua er ca.21m², og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Ved og utstyrshylle ved inngangsdør. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat.
Vedomn. Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte frå elva Skjøli, like ved hytta.

Mobildekning
Det er ikkje mobildekning i dette området.

Fiske/turar
Fine fiskeplassar med bra fisk fleire stader i elva Skjøli når denne ikkje er flaumstor. Vidare ca 3 km innover kjem ein til Lundadalsvatnet der Skjåk
Almenning har båt og garn til utleige. Bra fiske i osen på Lundadalsvatnet.
Elles er hytta eit godt utgangspunkt for turar både sommar og vinter til mellom anna den høgste toppen i Skjåk; Høgste Hestbrepiggen på 2172 moh,her er det fleire 2000–toppar som kan nåast på same dag.
Kart over rute til toppen finn du på www.iskjak.no
Lundadalen og områda rundt er også aktuell for rypejakt både med og utan hund.

Anna
Hytta eignar seg også for bruk på vinteren

Attende åt hytteoversikt ->

sauhytta 2

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.

Utleigehytter

glitterbue1
Allmenningen har ei rekkje hytter for utleige.
Les meir

Hyttetomter

Seterho-1
Hyttetomter i Billingen Hyttegrend Les meir

 

Skjåkguide

skjak-logo2

Her finn du opplysningar om opplevingar, aktivitetar, overnatting, servering, service og handel i Skjåk Les meir

Byggevarer

trelastlogo

Malmfuru – Brei Panel - Spesialprodukt – Grove dimensjoner! Les meir