logo1

storvassbuinatur a

Ligg nordaust i Skjåk Almenning på grensa til Lesja, innanfor Reinheimen Nasjonalpark, ca 6-7t gange frå Billingen.
Bua er ca 21 kvm, og har 4-5 sengeplassar.

Vedfyring og naudsynt kjøkenutstyr medgasskokeapparat.
Båt i Storvatnet.


Plassering
Storvassbu ligg lengst Reinheimen Nasjonalpark, ca 22 km og 6 – 7 t frå bilveg.

Starthøgde
805 moh, Storvasshytta ligg på ca 1520 moh.

Atkomst
Frå aust; Køyr Rv15 til 18,9 km vest for Dønfoss til Billingen, og ta av riksvegen mot nord, 100 m etter brua over Tora. Køyr opp setervegen og parker.
Frå vest; Køyr Rv 15 ca 13 km forbi Grotli Hotell og sving opp setervegen og parker. Fylg DNT – stig frå Billingen på vestsida av elva Tora til Tverråe, og gå over elva på sommarbru. Fylg DNT – stigen til ein har kryssa Tverråe i osen av Torsvatnet. Deretter må ein ta av DNT-stigen og svinge austover langsetter Spongi, forbi Dørvatnet og nordaust mot Storvatnet og Storvassbu. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711-serien kartblad 1319 II Tordsvatnet

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord 6888939 Øst 447040

Hytta/bua
Bua er ca. 21 m², og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.
Ved og utstyrshylle ved inngangsdør. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat. Vedomn. Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte i Storvatnet ca 200 meter frå hytta eller i oppkome ca 100 m vest for hytta (kan turke ut i periodar).

Mobildekning
Det er ikkje mobildekning i dette området.

Fiske/turar
Flott fiske- og turområde med mange moglegheiter for kortare og lengre fisketurar med Storvassbu som utgangspunkt. Elva Sponge, Bollvatnet, Dørvatnet, Dørtjønnen, Storvatnet m.fl.

Anna
Aktuell for vårskiturar, ein parkerar då ved Rv 15.

Attende åt hytteoversikt ->

storvassbu1

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.

Utleigehytter

glitterbue1
Allmenningen har ei rekkje hytter for utleige.
Les meir

Hyttetomter

Seterho-1
Hyttetomter i Billingen Hyttegrend Les meir

 

Skjåkguide

skjak-logo2

Her finn du opplysningar om opplevingar, aktivitetar, overnatting, servering, service og handel i Skjåk Les meir

Byggevarer

trelastlogo

Malmfuru – Brei Panel - Spesialprodukt – Grove dimensjoner! Les meir