logo1

sveinbuinatur a

Ligg i Ottadalen Landskapsvernområde, like inntil grensa til ReinheimenNasjonalpark. Ca 10 km og 3,5t gange frå Vikhø ved Aursjoen.
Merka stig til hytta.
Bua er ca 21 m², og har 4-5 sengeplassar. Vedfyring ognaudsynt kjøkenutstyr med gasskokeapparat.
Gode jakt,fiske- og turmoglegheiter.


Plassering
Sveinbu ligg i Ottadalen Landskapsvernområde, like ved grensa til Reinheimen Nasjonalpark, om lag 10 km og ca 3 - 3,5 t gange frå veg.

Atkomst Frå Aursjoen;
Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved Aursjohytta på Vikhø. Starthøgde 1100 moh, Sveinbu ligg på 1342 moh. Frå Vikhø etter merka stig mot nord til Aursjotjønn. Gå over brua og vidare mot nord på merka stig i terrenget opp langs Skridugrove og aust for Mjølakolotjønn. No ser du ned på øvre delen av Lordalen. Gå mellom Lortjønnene og fram til Sveinbu.
Alternative startpunkt er Ståmåsætre eller Heggebottsætre, men her er det ikkje merka stig innover. For meir info og kart, sjå www.iskjak.no

Kartreferanse
M711-serien 1518 I Skjåk og 1319 II Tordsvatnet.

Koordinatar
UTM 32 Euref 89: Nord 6874513 Øst 454726

Hytta/bua
Bua er ca. 21 m² og har 4-5 sengeplassar (+ 2 ekstra madrassar) i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Yttergang med utstyr og ved. Utedo.

Standard
Kjøkkenet er utstyrt med bestikk, dekketøy og kjelar. Gasskokeapparat.
Sjå elles felles standard innhaldsliste.

Vatn
Vatn må hentas i bøtte i liten bekk/oppkome ca 30 meter frå hytta, eller i eit lite vatn ca 350 m søraust for hytta som ein går forbi på tur innover.

Mobildekning
Det er mobildekning ved hytta.

Fiske/turar
Bra fisk i Lortjønnen og fleire tjønnar omkring ca 1-3 km frå hytta. Aktuell for toppturar til Ståmåhjulet og Skarvedalseggen.

Anna
Også aktuell for skiturar med utgangspunkt Stamåsætre eller Heggebottsætre.

Attende åt hytteoversikt ->

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.

Utleigehytter

glitterbue1
Allmenningen har ei rekkje hytter for utleige.
Les meir

Hyttetomter

Seterho-1
Hyttetomter i Billingen Hyttegrend Les meir

 

Skjåkguide

skjak-logo2

Her finn du opplysningar om opplevingar, aktivitetar, overnatting, servering, service og handel i Skjåk Les meir

Byggevarer

trelastlogo

Malmfuru – Brei Panel - Spesialprodukt – Grove dimensjoner! Les meir