logo1
Særleg elgjakt, men også etter kvart hjortejakta betyr mykje for mange jegerar i Skjåk, både i form av matauk og opplevingar. 
 
Skjåk kommune består av 2 storviltvald, der det eine er Skjåk Almenning.
Almenninga har ca. 217 000 daa. teljande areal, og årlege kvoter ligg på ca 45-55 elg, 30-40 hjort og 40-55 rådyr. Jaktfelta varierer både i storleik og topografi, og til samen er det 8 jaktfelt. 
Jakta føregår frå lågareliggande furuskog på ca 400 moh. til meir høgareliggande fjellbjørkeskog og snaufjell på ca. 1000 moh. Terrenget egnar seg godt både for laushundjakt og smygjakt-/posteringsjakt. Skjåk er kjent for god variert jakt, og årleg blir det felt elgoksar i ypparste klasse både når det gjeld vekt og gevirprakt. Hjorten er og ein viktig del av faunaen, og kvart år blir det felt medaljebukkar her. 

Elg- og hjortejakta blir sett bort på 3-årige kontrakter, der inneværande periode går ut 31.12.2017.

Skjåk Almenning har samarbeid med Gudbrandsdal Elghundklubb om jaktprøver på vårt terreng.  

Bestandsplan for elg, hjort og rådyr Skjåk Almenning og Skjåk Utmarksråd 2012-2014
 
 
Raudalsoksenskiakerjaktlagreddagsgard1
 
 
 
  • Sist oppdatert: onsdag 24 May 2017, 08:58:11.