logo1

På Skjåk Almenning sitt administrasjonsbygg i Bismo har vi eit unikt kompetansemiljø innan utmarksforvaltning samla under same tak. I tilegg til våre eigne tilsette har vi Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog, Norsk Almenningsforbund, Skjåk Arrangement, Skjåk Trelast og ein Nasjonalparkforvaltar i bygget. 

SALOGO

Skjåk Almenning

Verksemda har 5 faste tilsette, der 4 har kontorplass i administrasjonsbygget. Vi arbeider med å forvalte utmarksressursane i Skjåk Almenning - til beste for for eigarane, brukberettiga, bygdafolket og tilreisande. Særleg om sommaren og hausten har vi mykje folk innom og førespurnader i forbindelse med jakt, fiske og utleige av hytter.  Vi sel tenestar til SNO, og framover ynskjer vi også å ta på oss andre eksterne oppdrag innan vilt- og fiskeforvaltning som til dømes beitetaksering og prøvefiske. 

Tlf 61 21 39 00    E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

 

Breheimen Nasjonalpark, Mysubytta LVO og Strynefjellet LVOBNP logo

Bjørn Dalen er nasjonalparkforvaltar og sekretær for Nasjonalparkstyret. Bjørn driv med saksførebuingar til styret,  utarbeiding og oppfølging av forvaltningsplan, informasjonsmateriell, oppfylgning av verneformål og verneforskrifter - og kan gje svar på spørsmål knytt til bruk og vern innanfor Breheimen nasjonalpark. 

Tlf 977 37 221     E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

 

 

SNO-logo svarthvit

Statens Naturoppsyn, Breheimen Nasjonalpark

Øyvind Angard er tilsett i SNO, avdeling Nasjonalparkseksjon nord. Hovudoppgåvene til Øyvind er å gjennomføre naturoppsyn i Breheimen nasjonalpark og tilliggjande verneområde i medhald av gjeldane lovverk. I tillegg arbeider han med fysiske tilretteleggings-, skjøtsels- og informasjonstiltak, samt registrering innanfor verneområdet.

Tlf 917 33 213     E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

  

 

 

SNO-logo svarthvit

Statens Naturoppsyn, Reinheimen Nasjonalpark 

Per Olav Haugen er tilsett i SNO, avdeling Nasjonalparkseksjon nord. Hovudoppgåvene til Per Olav er å gjennomføre naturoppsyn i Reinheimen nasjonalpark og tilliggjande verneområde i medhald av gjeldane lovverk. I tillegg arbeider han med fysiske tilretteleggings-, skjøtsels-, og informasjonstiltak, samt registrering innanfor verneområdet. 

Tlf 970 57 213    E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

 

 

 

Mjsen Skog logo

Mjøsen Skog SA

Ola Løkken er skogbruksleiar i Mjøsen Skog SA. Ola er skogbruksleiar i området Sel, Heidal og Ottadalen. Skogbruksleiaren kan bl.a. hjelpe deg med tømmerdrift og skogkulturtiltak, samt skogfagleg råd og vegleiing.   

Tlf 971 94 015    E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

     

 

 

 

trelastlogoSkjåk Trelast AS

Hans Skamsar er økonomiansvarleg i Skjåk Almenning og fører også rekneskapen til Skjåk Trelast. Skjåk Trelast er eit dotterselskap til Skjåk Almenning, og vidareforedlar tømmer og trelast.

Tlf 481 27 252    E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 Sal- og produksjonsavdeling Skjåk Trelast;  Tlf 61 21 38 90   E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

NALF logo

     

Norsk Almenningsforbund

Stig Aaboen er sekretær for Norsk Almeningsforbund. NALF er ei samansluttning av 40 bygdealmenningar i Norge, og sekretæren arbeider for deira interesser i skogbruk- og utmarksrelaterte saker.  

Tlf 415 14 655   E-post:Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

 

 

Om du ynskjer å besøke oss, finn du oss lengst vest i Bismo

 

  • Sist oppdatert: tirsdag 01 August 2017, 06:48:09.