logo1

 

 

  • Over 200 km med merka turstigar som er omtalt i heftet "på tur i Skjåk", eller du kan planlegge turen på www.iskjåk.no. Fleire av stigane har utgangspunkt frå Billingen. 
  • "Fjellgeita" er turorientering for barn og unge med 10 nye turmål kvart år rundt omkring i Skjåk sommarstid.
  • Besøk Tverrådalskyrkja 2088 moh - ein av Norges flottaste toppturar!
  • Skridulaupen 1949 moh - flott for vårskiturar, og elles fins det fleire 2000 meters toppar du kan vitje i Skjåk
  • Flotte turmoglegheiter på sykkel til Sota Sæter, Aursjoen, langs Gamle Strynefjellsvegen m.fl. 
  • Skjåk Almenning har 13 hytter i fjellet til utleige for alle, det er også fleire DNT hytter og ruter i Skjåk.
  • Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og det er store område med lite besøk av folk som ligg klare for nærare utforsking!
  • Ynskjer du meir tilrettelagte friluftsaktivitetar, rafting, juving eller breturar har Lom og Skjåk Adventure aktivitetar for dei fleste
  • Skjåk Turlag arrangerar også eit utval guida turar i løpet av sommaren

Sykkel 

På grusveg: spesielt sykkelturen mellom Pollfoss, Sota Sæter og Mysubytta byr på mykje vakker natur, elles er det også flott å sykle langs Gamle Strynefjellsvegen. Ynskjer du meir motbakkar kan du "klatre" dei drøye 700 høgdemeterane opp til Aursjoen. Det arbeidas med å få til eit meir samanhengande sykkeltilbod gjennom heile kommunen.

På asfalt er det fint å sykle frå Billingen og vidare vestover Breidalen mot Geiranger. For dei som vil ha ein krevjande tur kan dei sykle opp til Dalsnibba, eventuelt sleppe seg nedover mot Geiranger. 

Langrenn 

Området rundt Billingen og Grotli er snøsikre vinterstid, og det er oppkøyrde langrennsløyper like ved hyttefeltet på Billingen. Det er ljosløyper i Botn, og ved Dønfoss. Oppdatert løypeinfo finn du her.

Alpin

På Grotli er det alpinanlegg som passar bra for barnefamiliar.

Jakt og fiske

Få plassar i Norge har betre moglegheiter for jakt og fiske enn Skjåk. Her kan du observere alle fire hjorteviltartane våre på ein og same tur om du er heldig. Størrelse og kvalitet på dyra er svært bra. Skjåk Almenning sel jaktkort på villrein og småvilt til utanbygds etter søknad.

Når det gjeld fiske, har utanbygds nesten same rettar som innanbygds også til garnfiske - og vi har over 200 vatn og 250 km med fiskeelver samla på eit fiskekort!

Toppturar
Sjølv om Jotunheimen er meir kjent for

 

 

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.