logo1

Skjåk Almenning har opna for treningsfelt for fuglehundar. Alle som vil drive jakthundtrening må ha grunneigar sitt samtykke (jf Hundelova § 8).

Treningsfeltet for fuglehund er avgrensa til nordsida av Rv15, frå Tora elv i aust til Geirangerkrysset i vest. Det aktuelle treningsområdet er om lag 20 000 da stort.

Her er oversikt over grensene i treningsfeltet 

 

Treningstider haust; Frå og med 21. august til og med 9. september. 

Treningstider vinter; Frå og med 1. januar til og med 31. mars.


Dersom det er låg rypebestand år om anna, kan ein tilby treningskort for fuglehund i heile Skjåk Almenning, også utanom dei gjeve datoane - som eit alternativ til jakt med hund.

Generelle reglar;

  • I vinterperioden, ut februar månad kan det vere jegerar i området. Ta omsyn til jegerar slik at treninga blir til minst mogleg ulempe ved utøving av jakt.
  • Eit treningskort gjeld for inntil 2 hundar, men ein skal berre sleppe ein hund om gongen
  • Trening skal skje utan våpen. Startpistol er tillate, men det skal gjevast melding om at det skal nyttast ved kortkjøp.
  • Ved trening i haustperioden må ein førevise bevis for at hunden har bestått sauedressur. Det blir sleppt sau på Billingen og storfe på Nysætre, vis omsyn til beitebrukarane.
  • I vinterperioden, ut februar månad kan det vere jegerar i området. Ta omsyn til jegerar slik at treninga blir til minst mogleg ulempe ved utøving av jakt.

Til ein ser omfanget og interessa, er kortsalet uavgrensa. Dersom interessa vert stor blir det vurdert avgrensing i kortsalet.

Kortprisar:

  Døgnkort   Periodekort  Begge periodar
Innanbygdsbuande         kr 100,-
Utanbygdsbuande  kr 50,-  kr 200,- kr 300

 

 

 

  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.