logo1

Skjåk Almenning ligg lengst vest i Oppland fylke, der austland møter vestland, i grensestroka mot Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Naturen er vakker og variert, med slake flyer i aust, og kvasse tindar og brear i vest. Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet, og somrane er vanlegvis tørre og varme - medan områda vestover er snøsikre vinterstid. 
 
Almenninga dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar, og eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune.
Det aller meste er høgfjellsområde. Arealet fordeler seg prosentvis om lag slik:
  • Fjell og vidde: 83%
  • Brear: 6%
  • Vatn og vassdrag: 5 %
  • Skog:. 6%, av dette 93 000 dekar produktiv skog (furu).
Lågaste punktet, litt vest for Nordberg kyrkje, er 420 m.o.h., høgste fjelltoppen er Nørdre Hestbrepiggen på 2172 m.o.h.
 
I Skjåk har vi to store verneområde, Reinheimen Nasjonalpark i nord, og Breheimen nasjonalpark i sør. I tillegg har vi to større naturreservat, Hondsrøve og Einstullie, som er oppretta for å ta vare på gamal urskogprega furuskog med spesielle artar knytt til dette økosystemet. Området vårt har tydelegvis vore forvalta godt, med høg verneverdi - sidan nær 80 % av arealet til Skjåk Almenning har fått vernestatus. Enten som landskapsvernområde, nasjonalpark eller naturreservat. Dette gje enkelte avgrensingar i bruk av området, men kan også skape moglegheiter innanfor næringsutvikling.  
 
 
Ei bygdealmenning med over 200 år gamal historie
 
Skjåk Almenning er ei Bygdeallmenning, som det finst vel 50 av i landet. Bygdeallmenning er utmark, der jordbruket har ulike bruksrettar, og gardsbruk i fellesskap har eigedomsretten. Rettstilhøva byggjer på gamal sedvane nedfelt i "Lov om bygdeallmenninger". 
Som bygdealmenning går historia attende til 1798, då gardbrukarane i bygda fekk kjøpt eigedomen av daverande eigar Bernt Anker. Ved porten er det reist ein grov furustolpe med minneplate, der "dei framsynte menn" som kjøpte Skjåk Almenning i 1798 vert heidra. 
 
 
Verksemda
 
Hovudverksemda opp gjennom tidene har vore tømmer og trelast. Dei siste åra har fokus vore retta vel så mykje mot andre utmarksressursar som sal av jakt, fiske og hytter. 
Totalt har vi 5,5 årsverk og ei omsetning på om lag 14 mill.kr. 
 
  • Sist oppdatert: mandag 26 June 2017, 12:20:57.