logo1
dagmartekstboksFøresetnadane og driftsformer for skog og trelast har endra seg mykje gjennom tida, men skogen er framleis ein viktig ressurs for Skjåk Almenning. No som før, er vi opptekne av kvalitet, og gjennom aktiv skogskjøtsel som planting, ungskogpleie og tynning, er målet å få fram tømmer og trelast av beste kvalitet

Det er furua som er det dominerande treslaget i Skjåk, og vil du oppleva urskogprega furuskog har vi to naturreservat, Honnsrøve og Einstullie, som begge er oppretta for å ta vare på gamal grov furuskog og sjeldne artar knytt til dette økosystemet.
I resten av skogane våre vert det drive eit aktivt skogbruk.

Skjåk Almenning har tradisjonelt vore kjend for grovt tømmer og unike trelastprodukt, og hogstkvantumet ligg på rundt 10 000 m³ i eit normalt år.
 

Skjåk Trelast
I dag driv Skjåk Almenning eit moderne skogbruk, medan dotterverksemda Skjåk Trelast tek seg av trelastproduksjonen.

Det nære samarbeidet mellom Skjåk Almenning som virkesleverandør og Skjåk Trelast som foredlar, gjer at dei kan tilby spesialsortiment og ekstra grove dimensjonar på utvalde produkt.

Skjåk Trelast tek best mogleg vare på både trevirke og tradisjon i val av produkt. Målet er eksklusive panel og golv med solide brukseigenskapar. Virke av seinvaksen og malmrik furu, gjev varige og vakre materialar med særpreg.

Både det klassiske, breie Skjåkpanelet og det ukanta Villmarkspanelet er utvikla ved sagbruket i Bismo.

Skjåk trelast leverar sjølvsagt også det meste av andre paneltypar, samt takåsar, firkantstolp og laftetømmer.
 
 Bandsag
 
 
  • Sist oppdatert: onsdag 24 May 2017, 08:58:11.