logo1
I Skjåk Almenning ligg om lag 94 % av arealet over skoggrensa, og over 70 % av arealet ligg over 1200 moh. 

Jakttid for rypejakt utan hund er frå 15. september til 23. desember. Avgrensa kortsal i perioden 15/9-9/10. Fritt kortsal etter 9/10 dersom bestanden tillet det.
Jakttid for rypejakt med hund er frå 25. september til 23. desember. Avgrensa kortsal i perioden 25/9-9/10. Fritt kortsal etter 9/10 dersom bestanden tillet det. Jaktkort blir seld på www.inatur.no , her er det til eikvar tid oversikt over ledige kort. For sesongkort, ta kontakt med oss. Skjåk Almenning har også eit treningsfelt for fuglehunder der du kan kjøpe treningskort for ulike perioder, dette finner du også på www.inatur.no.  

 

Skjåk Almenning har delt småviltjakta i fire jaktfelt. Kart over felta ligg ute på Inatur

 

Fjellrype2

Kort beskrivelse av dei ulike jaktfelta:


Jaktfelt A

Omfattar det nordaustre området i Skjåk rundt Aursjoen og grensa til Lesja.
NB! Det er gjort endring i grensa mellom felt A og B for å fordele jakttrykket betre (felt A omfattar nå også Heggebottflye).
Eit av dei mest populære områda våre, mykje pga. lett atkomst til terrenget med vegen opp til Aursjoen, der høgste punkt på bilvegen er 1140 moh. Terrenget innover mot Lesja er lettgått. Dei høgste fjelltoppane i området er Horrungen 1832 moh og Skardtind 1883 moh på grensa mot Lesja og Lom.  
Gode utgangspunkt er Stamsætre, Heggebottsætre, austre og vestre del av Aursjoen.  
Hytter til utleige: Sveinbu, Aursjobu og Storhøbu

Jaktfelt B

Omfattar den nordvestre delen i Skjåk, frå Billingen - Vuludalen - Grotli - Breidalen og vidare vest til fylkesgrensa. Feltet er avgrensa i sør av Heillstuguvatnet - Vassvendtjønnin og vassdraget vidare vestover til Langvatnet ved Gamle Strynsfjellsvegen.
Mykje lettgått terreng med utgangspunkt frå Rv 15 og nordsida av Fv 258 (Gamle Strynsfjellsvegen).
Delar av terrenget eignar seg bra for jakt med hund.
Gode utgangspunkt er Billingen, Nysætra, Grotli, Hamseviken og Breidalen.
Hytter til utleige: Skarvedalsbue, Storvassbue, Tverråhytta, Grønvassbue, Kvitberghytta og Legerhytta.

Jaktfelt C

Omfattar området sørvest for Otta elv, sør for gamle Strynefjellsvegen til Ostrevassdraget. Delar av terrenget eignar seg for jakt med hund. Gode utgangspunkt er gamle Strynefjellsvegen, osen ved Heillstuguvatnet (bru over elva), Stuttgongen (bru over elva), Botn Seter og Mysubytta.  
Hytter til utleige: Glitterbue og Raudalsbue. I tillegg har vi ei enkel skogskoie ved Framruste og ei privateigd hytte ved Glittervatnet som kan vere aktuell å leige, ta kontakt for meir informasjon.

Jaktfelt D

Omfattar det søraustre området, vest for Ottavassdraget, og sør frå Ostrevassdraget til kommunegrensa mot Lom og Luster.
Gode utgangspunkt er Sota Sæter, Tundradalen, Skjellom og Lundadalen.
Hytter til utleige: Liabue, Sottjønnbue, Grønstorrbue og Sauhytta.  

For kart og oversikt over merka stigar som går til fjells, sjå www.iskjåk.no 

Harejakt med hund

Harejakt med \\\"løs på drevet halsende hund\\\" er tillatt frå 10. oktober og ut februar månad. Fritt kortsal på www.inatur.no

 

Smårovviltkort

Alle kan kjøpe sesongkort for jakt og fangst på smårovvilt. Sesongkortet gjeld for jaktåret og kan kjøpas på www.inatur.no

 

  • Sist oppdatert: mandag 26 June 2017, 12:20:57.