Småviltjakt

Foto: Karl Gustav Indreeide

Foto: Karl Gustav Indreeide

Informasjon angåandesmåviltjakt i Skjåk Almenning 2024/2025:

I år kjem vi til å utføre taksering før eventuell utlysing av rypejakt. Dei siste to åra har vi lyst ut eit avgrensa tilbod for rypejakt før taksering, men vald å avlyse jakta grunna dårleg produksjon.

Jaktkort for andre småviltartar blir solgt som normalt.

 

Rypejakt utan hund

I Skjåk Almenning har vi mykje fjell og vidde, og over 93 % av arealet vårt ligg over skoggrensa. Vi har derfor mykje terreng å utforske for den som har lyst til å jakte fjellrype og hare i høgfjellet!

I Breheimen er det delvis «bratt til gards», men utsikten er også deretter, her kan du jakte rype og hare mellom 2000 meters toppar og store isbrear! Det fins også snillare terreng i Breheimen, slik som Tundradalen, Glittervatnet og området sør og vest for Grotli. 

I Reinheimen er terrenget litt slakare, og er du glad i dei store fjellviddene er dette området for deg.

Rypejakt utan hund startar 15. september i Skjåk Almenning.

Rypejakt med hund

For dei som vil jakte rype med hund, har vi også brukbare terreng, men fjellbjørkebeltet og gode lirypebiotopar er naturleg avgrensa av terrengforhold og lite nedbør. Alle terrenga våre har område med lirype, og bestanden i dei enkelte felta varierer frå år til år. For at det ikkje skal bli for mange jegerar med hund, er det innført avgrensing i kortsal fordelt på periodar.

Alle som jaktar med hund på framvise gyldig bevis for sauedressur. Det er beitedyr i dei aller fleste områda. 

Skjåk Almenning er delt inn i 6 jaktfelt for småvilt, der alle terreng har område som eignar seg for jakt både med og utan hund. Rypejakt med hund startar 15. september i Skjåk Almenning (nytt frå og med hausten 2018).

Sal av jaktkort for utanbygds i skjåk Almenning

Alle utanbygds som vil jakte småvilt i Skjåk Almenning, må søkje om dette via Inatur. For 2024 blir det eventuelt opna for søknad fyrst etter resultatet av taksering sist i juli/fyrst i august. I så fall blir opna for søking via Inatur. Det blir kun lagt ut 5 dagars kort i 3 periodar;

Periode 1 er 15/9-19/9 med og utan hund

Periode  2 er 20/9-24/9 med og utan hund

Periode 3 er 25/9-29/9 med og utan hund

Det er høve til å søkje på fleire periodar og jaktfelt, og søkjar må sjølv prioritere felt og periode gjennom Inatursystemet.

I Skjåk Almenning har vi i fleire år hatt ei negativ utvikling i rypebestanden utan nevneverdige toppår. Med bakgrunn i dette er vi derfor nøydd til å prioritere i større grad når det gjeld kortsal og tilbod. Difor legg vi i fyrste omgang ut eit utval av jaktpakker på inatur og individuelle kort til hytteeigarar i almenninga. Dersom produksjonen viser seg å vera bra vil vi leggje ut fleire tilbod for direktekjøp på inatur.

 

SØKNAD OM JAKTKORT SOM UTANBYGDES HYTTEEIGAR I SKJÅK ALMENNING

I tildeling av individuelle jaktkort vil dei som har hytte i Skjåk Almenning bli prioritert så langt det let seg gjere med 1 jaktkort pr. hytte (eigar/ektefelle/sambuar eller born). Det er ikkje høve til å overdra kort frå andre hytteeigarar. Før har det vore praksis med 2 kort pr. hytte, men frå 2022 vart det justert til 1 kort. Årskane er naturlegvis at rypa stadig blir ein meir avgrensa ressurs, samt at det er fleire hytteeigarar som no søkjer om jaktkort.

Det er størst press på å få jakte i felt 3 og 4 (rundt Grotli), særleg i periode 1. Alle kan ikkje forvente å få fyrste ynskje sitt oppfylt – for å få større moglegheiter til jakt, oppmodar vi derfor om å søkje på fleire felt, og/eller fleire periodar.


sal av jaktkort til innanbygds

Innanbygds får kjøpe jaktkort som før hjå Skjåk Almenning, og treng ikkje søkje om småviltjakt. Kortsalet er delt på halvsesongkort, sesongkort og smårovviltkort.  

Taksering og kvoter

Kvart år blir det gjennomført lirypetaksering med hund i august. Resultatet frå denne, samt observasjonar gjennom sommar og tidleg haust legg føringar for kvoter og avgrensingar i kortsal. Kvoter er like for innanbygds og utanbygds jegerar, og blir kunngjort på heimesida før jakta tek til.

Dei siste åra har det vore sett forholdsvis strenge dagskvoter, og ein må rekne med at dette vil fortsette.

Jaktreglement, Taksering og kvote 2023/2024

Som vi alle veit er det klare utfordringar med utviklinga i rypebestanden i det ganske land. Særleg dei siste 4 åra har det vore ei urovekkjande utvikling også i Skjåk.

Vedtak for 2023/2024: Resultatet frå årets rypetaksering i Skjåk Almenning er no klart. Resultatet viser ei tettheit på 1,8 fuglar pr. km og ein produksjon på 0,6 kyllingar pr. par. Vi står altså over for nok eit rekordårleg år bestandsmessig. Utviklinga har vore spesielt dårleg sidan 2019. Den svært dårlege produksjonen ser ut vil å vera gjeldande både for li- og fjellrype.

Med bakgrunn i denne bestandstilstanden har vi vedtatt å frede rypa for jakt også i jaktsesongen 2023/2024.

Orrfugljakt: Innanbygds kan framleis jakte orrfugl 10.9-23.12 og felle inntil 2 stk orrhaner.

Jaktreglar finn du ved å klikke deg inn på denne lenka


jaktfelt og grenser

Skjåk Almenning er delt inn i 6 jaktfelt for utanbygds frå og med 2018. Meir detaljerte kart finn du på Inatur og tilboda våre der. 

Oversiktskart Rypejakt Skjåk Allmen.jpg

Jaktfelt 1. Aursjoen - Horrungen

Omfattar det nordaustre området i Skjåk rundt Aursjoen og grensa mot Lom i aust og Lesja i nord. Store delar av terrenget ligg i Reinheimen Nasjonalpark og Ottadalen LVO.

Dette er eit av dei mest populære områda våre, mykje pga. lett atkomst til terrenget med vegen opp til Aursjoen, der høgste punkt på bilvegen er 1140 moh. Terrenget innover mot Lesja og Lom er lettgått. Dei høgste fjelltoppane i området er Horrungen 1832 moh og Skardtind 1883 moh på grensa mot Lesja og Lom. I området sør for Aursjoen og rundt Aursjoen er det mest lirype, elles er det bra fjellrypeterreng ved fjellet Horrungen og rundt Storhøbu.

Utgangspunkt frå Aursjoen.  
Hytter til utleige med jakt:  Aursjobu og Storhøbu

Jaktfelt 2. Aursjoen - Heggebottflye

Omfattar området frå Aursjoen og vestover forbi Heggebottflye. Store delar av terrenget ligg i Reinheimen Nasjonalpark og Ottadalen LVO. 

Mykje lettgått terreng med utgangspunkt frå Aursjoen. Alternative utgangspunkt er Heggebottsætre eller Stamsætre (desse to setervegane eignar seg best for bil med 4x4). 

Nedre delar av terrenget har brukbart med lirype, medan det er bra fjellrypeterreng ved Sveinbu. 

Gode utgangspunkt er Aursjoen, Heggebottsætre og Stamsætre. 
Hytter til utleige med jakt: Sveinbu og Aursjohytta.

 

Jaktfelt 3. Billingen - Breidalen

Omfattar området frå Billingen - Grotli og Breidalen til fylkesgrensa vestover. Også her er det lettgått terreng med utgangspunkt langs riksveg 15. Eit terreng som er godt kjent gjennom fuglehundprøva "Grotliprøva". Her er også treningsfelt for fuglehundar. Nedre delar har brukbare lirypeterreng, lenger inn er det naturleg nok fjellrypa som dominerer. 

Gode utgangspunkt er Billingen, Nysætre, Grotli og Hamseviken. 
Hytter til utleige med jakt: Legerhytta , Tverråhytta og Skarvedalshytta

 

Jaktfelt 5. Liavatnet -Tundradalen

Omfattar området sør for Raudalen, med hovudområdet rundt Liavatnet, Mysubytta og Tundradalen. Store delar av terrenget ligg i Breheimen Nasjonalpark. 

Gode utgangspunkt er Sota Sæter, Tundradalen, Skjellom og Lundadalen.
Hytter til utleige med jakt: Liabue, Sottjønnbue, Grønstorrbue

Jaktfelt 4. Gml Strynfjellsvegen - Raudalen

Omfattar området sør for Vassvenda og Måråe - Glittervatnet til Raudalen. Området er stort sett lettgått, og nedre delar er bra lirypeterreng. Store delar av terrenget ligg i Breheimen Nasjonalpark. 

Gode utgangspunkt er Gamle Strynfjellsvegen, osen ved Heillstuguvatnet (bru over Otta elva), Stuttgongen (bru over Otta elva), Åssætren, Framrustsætren, Raudberget og Botn Seter.
 

 

Jaktfelt 6. Lundadalen - Lendfjellet

Omfattar området lengst sør og aust i Skjåk til grensa mot Lom og Luster. Hovudområde for jakt er Skjellom - Tverrfjellet og Lundadalen - Lendfjellet. Her kan du jakte fjellrype mellom ei heil rekke med 2000 metertoppar i fantastiske omgjevnadar! 

Lirypeterreng rundt Skjellom og i Lendfjellet. 

Gode utgangspunkt er Sota Sæter, Tundradalen, Skjellom og Lundadalen.
Hytte til utleige i Lundadalen 

Vinterjakt på rype

Vinterjakt på rype er rekna frå 1.januar kvart år og gjeld berre for innanbygdes jegerar. Dagskvota og totalkvota er lik som for haustsesongen. For 2021 er denne kvota sett til ei dagskvote på 2 ryper (derav maks 1 lirype) og ei totalkvote på 6 ryper på sesongen. Ein kan jakte i heile almenninga med unntak av hyttefelta og det freda området mellom Heimdalen og Breidalen (sjå kart og omtale nedanfor). Jaktkort løyser ein på kontoret vårt.

Bakgrunnen for fredningssona er fyrst og fremst å unngå jakt i hyttefelta, samt skåne enkelte område som får store konsentrasjonar av lirype om vinteren.Frå 01.01.2020. fylgjer grensa den svarte streken som stort sett fylgjer høgdekurve 1100 moh. De…

Bakgrunnen for fredningssona er fyrst og fremst å unngå jakt i hyttefelta, samt skåne enkelte område som får store konsentrasjonar av lirype om vinteren.

Frå 01.01.2020. fylgjer grensa den svarte streken som stort sett fylgjer høgdekurve 1100 moh. Dette med unntak av baksida på Breidalsvatnet. I aust blir grensa fløtt til nosa på Flatfjellet (Måsåbakkane) på solsida og Blankåa på baksida. I vest blir den nye grensa Kupgrova og vestenden på søre Legervatnet.

Harejakt med hund

Harejakt med «løs på drevet halsende hund» er tillatt frå 10. oktober og ut februar månad. Ingen feltinndeling. Fritt kortsal på Inatur

Smårovviltkort

Alle kan kjøpe sesongkort for jakt og fangst på smårovvilt. Sesongkortet gjeld for jaktåret og kan kjøpas på Inatur. Kvart år blir det arrangert ei kampanje i samarbeid med Skjåk Jeger og Fiskarlag. Her er det god premiering av uttak av predatorar. Dette gjeld for alle. I tillegg kjem skotpremier for innanbygds på kr. 500 for rev og kr. 200 for mår. Meir informasjon om kampanjen ser du nedanfor eller på denne lenka.