Søknadspliktige tiltak i Skjåk Almenning:

Skjåk Almenning forvaltar eit utruleg mangfaldig areal på nærare 2000 km2. Eigedommen har ein lang historikk knytt til forvaltning som vi fremjar med stoltheit. Dette er grunnlaget for at vi i dag har av Sør-Noregs mest aude område som vi alle kan nyte godt av. I Skjåk Almenning er vi opptekne av allemannsrettens prinsipp og at naturen skal brukast. Samstundes er vi opptekne av å halde fram med god naturforvaltning som sikrar at også framtidige generasjonar kan hauste av, og oppleve dette rike naturmangfaldet.

Med bakgrunn i dette er det difor enkelte tiltak Skjåk Almenning som krev grunneigars løyve til å gjennomføre. Dette er tiltak som kjem utanom allemannsretten og som kjem innunder anna lovverk for private grunneigarar.

Fylgjande tiltak er søknadspliktige:

1.    Hogging av tre. Vedteiger blir tilvist etter avtale.

2.         Tilrettelegging for allemannsretten ved å plassere orienteringskasser, bygge/utbetre stiar, bruer eller klopper, sette opp skilt eller permanente gapahukar.

3.         Arrangere større stevner, etc. i sårbare område. Særskilt høgfjell og område som er rekna som villreinområde.

  • Presisering for punkt 3. og 4.: Grunneigaren må innvolverast tidleg i slike prosessar med tanke på blant anna forvaltning og ulike omsynsfaktorar.

4.         Utplassering av båtar og garnkasser.

5.         Motorferdsel med snøskuter i utmark. I ein del tilfelle er det relevant å søkje om fleirårig løyve.

6.         Påbygg hytter innanfor og utanfor regulerte område. Kan vera særskilte reglar for kvart enkelt hytteområde.

7.         Oppsetting av utedoar.

8. Lagring av ved, reiskap, material etc. For langvarig leige må ein rekne med å måtta inngå leigeavtale for området.

9.         Oppsetting av viltkamera krev ikkje samstykke frå Skjåk Almenning, men dei skal merkast på ein måte slik at andre som ferdast blir klar over dei.

* Bryting av røt og torv blir regulert av bruksreglane.

* Plassering av åtebu, feller og åter blir regulert i eiga retningsline. Ta kontakt for å få desse.  

 

Lista er ikkje uttømande.

Søknader skal sendast til oss på firmapost@skjak-almenning.no. I søknaden må du:

  •          Beskrive tiltaket (behov, omfang, tidsperspektiv etc.)

  •          Stadplassering (helst med kart)

 

Er det spørsmål eller treng du ytterlegare informasjon, ver venleg å ta kontakt med oss på

612 13 900 / firmapost@skjak-almenning.no