Avsluttar arbeidskarriera etter 31,5 år i Skjåk Almenning

Torsdag 29. februar var siste arbeidsdagen til Kjell Olstad i Skjåk Almenning.

Kjell har arbeidd i Skjåk Almenning i heile 31,5 år, og vart i 1992 tilsett som skogsformann. Etter kvart har det nok blitt mange fleire oppgåver og endringar i ansvarsområde - men han har alltid vore ein skogens mann!

Dei siste åra har han drive mykje med veg og ikkje minst forsyningar til dei mange allmenningshyttene. Han er nok den som utan tvil er best kjent i Skjåk Almenning av oss.

Han har vore ein trufast og pliktoppfyllande kollega - og ikkje minst har han vore svært tålmodig med oss som han har hatt på diverse opplæring - om det er trefelling, skuterkøyring eller andre praktiske oppgåver! Flink til å lære frå seg, og alltid skikkeleg gjennomført arbeid med orden og struktur.

Vi takkar så mykje for arbeidsinnsatsen din og mange fine år i lag i Skjåk Almenning - og ynskjer deg alt godt vidare som sprek pensjonist!

Birgit Bilstad