Almenningsretten eller bruksretten i ei bygdealmenning ligg til jordbrukseigedomane i bygda. Bruksretten omfattar i praksis rett til å bruke almenninga si – for eksempel til ved, beite eller seter. Bruksretten og andre reglar omkring bygdealmenningar er nedfelt i lov av 19. juni 1992, Lov om bygdealmenninger. I tillegg er sedvanerett og rettspraksis viktig for almenningsretten. Ein kan ikkje dele frå eller særskilt selje bruksretten frå jordbrukseigedomen.
Retten til trevirke til eigedomens behov ved jordbruksmessig drift er i dag den økonomisk sett viktigaste bruksretten. I praksis fungerer den slik at ved kjøp av trematerialer til bruk i jordbruksdrifta gjev allmenninga ulike rabattar avhengig av kva som blir kjøpt. Den enkelte allmenning kan også gje bidrag til en del byggematerialar som erstattar trevirke.
Forvaltning av bruksretten ligg til almenningsstyret, og det er almenningsstyret som skal sikre ei forsvarleg forvaltning og utnytting av almenninga innanfor lova sine rammer.
Nyttige dokument
Nye Bruksreglar for Skjåk Almenning
Strategiplan for Skjåk Almenning 2021 -
Skjema for bruksberettiga - eigedomsoverdragingar og oppdatert info til bruksrettsregister
Informasjon og retningsliner for dei med bruksrett i Skjåk Almenning 2025
Rundskriv og retningsliner for bruksrettsseter i Skjåk Almenning
Retningsliner for tilskott til gjerding i Skjåk Almenning
Årsmelding 2023
Årsmelding 2022
Årsmelding 2021
Årsmelding 2020
Årsmelding 2019
Årsmelding 2018
Årsmelding 2017
Årsmelding 2016
Årsmelding 2015
Årsmelding 2014
Søknadsskjema
Søknadsskjema for bruksrettsytingar i Skjåk Almenning - UTSKRIFTSVERSJON
Søknadsskjema for bruksrettsytingar i Skjåk Almenning - NETTVERSJON
Søknadsskjema for ved og slip 2025 (prisinformasjon om treprodukt) - NETTVERSJON
Søknadsskjema for gjerdetilskot - NETTVERSJON
Søknadsskjema for tilskot til driftsbygning - begge tilskotsordningar - NETTVERSJON