Kvar drøymer du om å gå?
17 unike fjellhytter i Reinheimen og Breheimen Nasjonalpark – eit alternativ for deg som søkjer stillheit og ro, overnatting i fantastiske omgjevnadar og samstundes ha alt dette for deg sjølv! Her fins store samanhengande villmarksområde med lite besøkte 2000 meters toppar og blinkande fiskevatn i synsranda. Ta med deg familie, vennene dine eller kjærasten – gå (topp)tur eller berre nyt utsikten over dei mektige fjellområda i Breheimen og Reinheimen frå hytteveggen. Turterreng og alternativ for alle, garantert køfritt! Hyttene ligg også glimrande til for “å gå frå hytte til hytte”.
Ein treng eigentleg ikkje så mykje for å ha det bra i fjellet, men ei lita hytte å koma fram til er uansett godt, dersom vinden er stri eller nedbøren har gjort deg kald etter ein lang dag ute. På hyttene våre er det det ein treng, verken meir eller mindre – berre hugs å ta med sovepose og mat, så har du din eigen «heim» i fjellet.
Omsyn til villreinen
Frå og med 2024 kjem alle hyttene våre i høgfjellet til å vere stengt i perioden 1. november til 15. februar av omsyn til villreinen og ynskje om redusert ferdsel i ei sårbar tid for villreinen.
Frå 15. februar kan ein ta kontakt med oss for leige, men då på villreinen sine premiss. Vi vil da vurdere kvart enkelt tilfelle ut i frå ulike omsyn ein må ta. Den som ynskjer å leige hytte må vere førebudd på at bestilling av hytte blir kansellert på stutt varsel dersom det er villrein i område. Skjåk Almenning tek ikkje noko ansvar dersom ein ikkje kan nytte hytta, men vi kan prøve å finne alternativ dersom det er ynskjeleg. Betaling og henting av nøkler må skje på Skjåk Almenning.
Frå 15.juni er oversikten over hytter som er opne og stengt oppdatert på Inatur som ordinært.