Heggebotthytta



Hytta ligg ved Heggebottvatnet i Billingsdalen, langs RV 15. Fin utsikt over vatn og fjell. Innlagt vatn og straum med WC og dusj. Fiskemoglegheiter like ved hytta, båt til utleige. Skianlegg i Botn med ljosløype 6 km frå hytta.
Til Heggebotthytta
Hytta ligg ved Heggebottvatnet i Skjåk, like ved Rv 15 på øvre side av vegen. Avkøyringa er 5,2 km vest for Dønfoss, felles avkøyring mot eit lite hyttefelt. Hytta er merka med Skjåk Almenning, og lett å sjå frå vegen.
Om området
Fiske
Om du vil på fisketur i området kan vi anbefale Heggebottvatnet og Pollvatnet. Vi har båt til utleige på Heggebottvatnet.Det er også gode fiskevatn innover fjellet i Reinheimen med utgangspunkt frå Heggebottsetra eller Stamsetra (lang dagstur). Om du vil til Breheimen anbefalar vi å ta turen opp til Glittervatnet frå Botn seter - og gå vidare opp til vatna i Blankåhaugane (lang dagstur). https://outtt.com/no/adventures/2306/pollvatnet
Fottur og sykkel
Det er mange merka turstigar og uendeleg med turmoglegheiter i Skjåk, sjekk ut ein del av utvalet på https://outtt.com/no/regions/15/skj%C3%A5k?size=12&offset=12#regionAdventures
Langrenn
Ca 6 km vest for Heggebotthytta ligg skianlegget i Botn med lysløype, skiskyttarstadion og milevis med langrennsløyper. Sesongen startar vanlegvis i desember, ofte tidlegare.
Skiheis
På Grotli er det skiheis og preparerte bakker frå vinterferien og utover. https://outtt.com/no/adventures/1755/grotli-skiheis
Utsiktspunkt (sommar)
Ynskjer du ikkje gå så langt, men vil ha fin utsikt anbefalar vi ein tur til austre enden av Raudalsvatnet. Ein køyrer 5-6 km vestover på Riksveg 15, like før du kjem til Pollfoss tek du av Rv 15 der det er skilta mot Framruste. Vidare mot Framruste kraftverk, forbi kraftverket og fram til vegen svingar bratt opp til venstre, og opp på Bråtååsen. I krysset på toppen tek ein til høgre - og fylgjer vegen inn mot Raudalen. På toppen er det flott utsikt innover det store Raudalsvatnet og Breheimen Nasjonalpark - også fint å sykle!
Biltur aust eller vest
Elles er det fin dagsturavstand med bil til Lom (40 min), Galdhøpiggen, Sognefjellet eller vestover til Geiranger (50 min) og Stryn (1 time 30 min).
OM HYTTA
Avstand frå veg sommar: 0 km.
Avstand frå veg vinter: 0 km.
Senger og utstyr til: 5 personer.
Rom: Gang/kjøkken, stove, ett soverom og bad med WC og dusj.
Areal: 35 m2.
Oppvarming: Vedomn og panelomn, varmekablar bad.
Elektrisitet: Ja.
Toalett og dusj: Ja.
Vatn: Innlagt, varmt og kaldt.
Kokemoglegheiter: Elektrisk komfyr.
Kjøleskåp: Ja.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.