Aktuell informasjon – villreinjakta 2024

Storbukkfall i Breheimen. Foto: Dag Kjelsaas

Storbukkfall i Breheimen. Foto: Dag Kjelsaas



I 2024 kan det fellast 1100 villrein i heile Reinheimen Breheimen villreinområde. 750 dyr i Reinheimen og 350 i Breheimen.

Jakta byrjar tysdag 20.august og held på til og med søndag 15 .september 2024.

Områdeinndeling i Skjåk Almenning

Skjåk Søraust: Kart over jaktområdet på Søraust i 2024 finn du her så snart det er klart. Miljødirekoratet avslo søknaden frå villreinutvalet / Lom fjellstyre om å få lov til å fortsette jakta på Lom sin grunn, slik at jaktområdet nå blir innanfor Skjåk.

Det er ikkje innført noko fredingssone i Lundadalen, slik at grensa i 2024 blir langs kommunegrensa mot Lom og Luster. Sjå oppdatert kart over søraust her.

Skjåk Sørvest: På Skjåk Sørvest har vi frå 2019 avtale med Stryn kommune overgangsjakt på jaktbart område i Stryn som er tilknytt grensa til Sørvest. Kart over dette område finn du her

Skjåk Nord: Kart over jaktfelt og freda område på Nordområdet finn du her.

Overgangsavtalene mellom Skjåk Nord og Finndalen blir vidareført også i 2024. Dette gjeld fylgjande dagar: tysdag, onsdag og torsdag 27. august, 28. august og 29. august - samt 3, 4 og 5. september. I denne perioda er kort stempla Fellesområdet Finndalen gyldig i både Skjåk- og Lesjaområde. Kort stempla Lesja-Reinheimen eller Skjåk-Reinheimen, er i same periode gyldige i Finndalsområdet.

Også ordninga med å gå inn frå eige jaktterreng og over grensa blir vidareført i 2024:

AVTALE OM OPE OG DELVIS OPE JAKTOMRÅDE I REINHEIMEN: Områda i Lesja, Vågå, Lom og Skjåkområda aust for Tora-Tverråe-Torsvatnet inngår i eit felles jaktområde i heile jaktperioda. Føresetnaden er da at jeger SKAL starte jakt frå eige jaktområde (står på jaktkortet). Dovreområda er unnateke. Unge jegerar (20 år og yngre) får jakte i heile det opne Reinheimenområdet heile jakta på eige kort!

UNNATEKE FRÅ OPE JAKTOMRÅDE : Områda i Fjord, Stranda og Rauma.

Kluftbukk - ny korttype

På årsmøte i villreinutvalet vart det bestemt at korttypa “bukk under 50 kg” vart endra til “kluftbukk”. Målet er å få ut fleire eldre bukkar med dårlege gevir, og som er på retur.

Kluftbukk = Bukk utan vektgrense, men med makimalt 2 taggar i toppen (krona) av geviret på ei av gevirstengene (dvs. taggar høgare enn nakketaggens normale plassering). Taggar er gjeldane frå dei er 5 cm lange. Ved knekt gevirstong vil motsett stong gjelde. Kluftbukk blir nærare skildra i eit eige skriv som blir publisert her så snart det er klart.

Biletet under syner ein vaksen bukk i midten som vil gå under kategorien “kluftbukk”.

Utlevering av jaktkort

  • Vi sender ikkje lenger kort i posten, og sidan det skal takast CWD-prøve av alle dyr eldre enn kalv, må vi dele ut prøvetakingsutstyr.

  • Alle som har fått tildelt jaktkort må derfor hente ut jaktkort og prøvetakingsutstyr på kontoret vårt i Bismo. Adresse: Industrivegen 10, 2690 Skjåk.

  • Det blir varsla via facebooksida til Skjåk Almenning når korta er klare til henting (vanlegvis i slutten av juni / starten av juli).

  • For å levere ut korta må du har signert kontrakt, betalt faktura på jakta og betalt jegeravgift.

  • Måndag 19. august har vi ope fram til kl. 20:00 for utlevering av kort, elles er vanleg opningstid måndag-fredag kl. 08:00-15:30. Det er mogleg å gjere avtale utanom opningstid for utlevering av kort, ta kontakt med oss på e-post eller telefon så prøvar vi å finne ei løysing.

Hytter og buer i villreinjakta

I 2024 er det bestemt dette om hyttene til Skjåk Almenning i reinsjakta frå 20. august til 15. september;

Ope buer i heile jakta til disposisjon for villreinjegerar: Storhøbue, gamle Glitterbue og Raudalsbue.

Tilgjengeleg for booking av villreinjegerar heile jakta: Sottjønnbue

Tilgjengeleg for booking av villreinjegerar på vekedagar (stengt for oppsyn fredag - søndag heile jakta): Sveinbue.

For booking av Sveinbue eller Sottjønnbue: Alle villreinjegerar som ynskjer å bestille hytte kan bestille denne for ei overnatting av gongen per jeger. Dersom fleire ynskjer å leige vil nye jegerar ha fortrinn. Ein kan berre bestille overnatting på hytta ved å kontakte Skjåk Almenning direkte. Betaling kr 750,- per overnatting, og elles vanlege vilkår for bruk av hyttene.

Stengt for oppsyn/beitetilsyn heile jakta: Aursjohytta, Sauhytta og Grønstorrbue.

Buer /hytter tilgjengeleg for ordinær leige på inatur: Skarvedalshytta, Storvassbue, Tverråhytta, Kvitberghytta, Grønvassbu, Liabu, Legerhytta, Aursjobu og Heggebotthytta.

Båtar til utleige: Båt på Aursjoen kan leigast for inntil 3 døgn om gongen per person, kr 100 per døgn.

Presiseringar i jegerkontrakt

  • Nattjaktforbod mellom kl. 19:00 og 06:00. Dette for at reinen skal få ro til å beite.

  • Alt nyttbart kjøtt skal takast med ut av terrenget, dvs. at ein ikkje skal la det ligge att på slakteplassen.

  • Alle skal registrere felte dyr i hjorteviltregisteret / SETT OG SKUTT appen.

  • Bruk av jaktradio skal regulerast, dvs. at ein ikkje skal bruke jaktradio til å fortelje kor det står dyr i terrenget, eller nytte jaktradio aktivt i forbindelse med jaktutøving.

  • Det skal takast prøver av alle felte vaksne dyr med tanke på CWD.

Meir informasjon om skrantesjuke/CWD, prøvetaking og instruksjonsmateriell finn du her. 

  • I 2020 vart kvalitetsnormen for villrein innført. Difor skal alle slakt av kalvar vegast. Slaktevekt hjå hjortevilt er eit viktig mål på kondisjon og tilstand i bestandane. Innføringa med å vege kalvane skal bidra til å overvåke og ta vare på villreinstamma vår. Opplysningar om vekt, kjønn og fellingsdato skal leggjast inn i hjorteviltregisteret eller appen “Sett og skutt” for den enkelte jeger. Det er svært viktig at slaktevekta er faktisk slaktevekt, og ikkje anslått vekt (då denne ikkje vil ha noko verdi for forvaltninga)!

  • For jegerar som skyt kalv: for å stimulere til uttak av små kalvar (14 kg eller lågare slaktevekt) gjeld særskild ordning - meir info om dette finn du i informasjonssfolderen.

Veging av slakt

Det er ynskje om at flest mogleg veg slakta sine mest mogleg nøyaktig (for dei som skyt kalv er dette eit krav) for å få betre data for å vurdere tilhøva i villreinstamma (jf. kvalitetsnormen).

Det vil difor bli hengt opp vekter tilgjengeleg for jegerane både på Aursjoen (ved Aursjohytta) og utanfor allmenningsskontoret. Meir info om dette kjem også på villreinutvalet si heimeside.

Etter jakta

  • Hugs å ta CWD prøve av alle skote dyr eldre enn kalv, og før inn i hjorteviltregisteret / sett og skutt

  • Registrer skote dyr i hjorteviltregisteret / sett og skutt på rett vald. Meir info om registrering finn du i villreinfolderen.

  • Alle kalvar skal vegast nøyaktig, og slaktevekt førast på kontrollkort og i hjorteviltregisteret / sett og skutt. Om du av ein eller anna grunn ikkje har fått veid kalven nøyaktig er det betre at du ikkje skriv vekt, då ei tippa vekt ikkje har nokon verdi for forvaltninga sin del.

  • Lever / send inn jaktkort med opplysningar til kortutsteder, og lever kjeve med kjevelapp og opplysningar i kjevekasse eller per post (godt renska og tørka!).

  • Alle skal levere inn kortet sitt innan 24. september uavhengig av om ein har felt dyr eller ikkje.

Aktuelle nettsider for meir informasjon

Vi oppmodar alle om å sette seg godt inn i jegerkontrakta før jakt, samt ha all dokumentasjon med seg under jaktutøving.

God jakt!