Bli ein betre villreinjeger
Bakgrunn
Med denne informasjonen ynskjer Villreinutvalet i Reinheimen-Breheimen å setja fokus på nokre av dei momenta vi meiner er viktige for jakta i vårt villreinområde. Jakta skal vera ei god oppleving for alle, der det er viktig at alle viser omsyn til både villreinen og andre jegerar. God atferd og samarbeid mellom jegerar gjev fleire fellingar og betre jaktopplevingar for alle.
Naudsynte dokument å ha med på jakt
Betalt jegeravgiftskort og godkjent skyteprøve.
Våpenkort eller utlånserklæring (ikkje eldre enn 4 veker).
Kontrollkort/jaktkort med jegernamn.
Identifikasjon.
Oppsynsleiar
Kontakt oppsynsleiar på tlf 458 99 91. Dette tlfnr skal brukast om hendingar i samband med jakt, til dømes feilskyting, skadde dyr, skadeskyting eller liknande. Info om reinen sitt tilhald blir lagt ut på ny heimeside www.villreinutvalet.no
Uttak av små villreinkalvar. Sjå eige skriv til dei med kalvekort, eller ta kontakt med oppsyn.
Utvida overgangsordning i Reinheimen, sjå jegerkontrakt eller kontakt oppsyn.
Informasjon om kontrollkort/jaktkort
Før jakt
– Les kortet nøye og kontroller at kortet er utfylt. Namn på jeger må vere påført. Det er ikkje høve til å endre namn på jeger sjølv, det må kortutsteder i tilfelle gjere.
I fjellet.
– Kortet skal skjerast med rett dyr og dato før transport av dyr frå slakte- plass.
– Kjøt som blir liggjande att i ellet skal vera merka med kjøtmerkelappen.
Etter jakt
– Rens underkjeven godt før innsending. Ikkje pakk kjeven inn i plast. Fyll ut kjevelappen. Send utfylt kontrollkort/jaktkort til den som har utstedt kortet.
– Kontrollkort skal også sendast inn om dyret ikkje er felt.
Gå inn på settogskutt.no for å fylle ut fellingsskjemaet der også (krev innlogging med jegernummer)
Vanleg kjeve- lapp. Skal fyllast ut og festast til underkjeve før innsending til kortutsteder. Delen til høgre skal berre sendast inn dersom sjukt dyr.
Skjer kortet ved felling med rett dyr og dato
Sjukdommar
CWD
Sjølv om CWD (skrantesjuke) ikkje er oppdaga i vårt villreinområde, ber vi om at alle jegerar er observante. Terskelen for å melde ifrå til jaktoppsynet om dyr som syner sjukdomsteikn (vaksne dyr) skal vera låg! Prøvetaking fortsett også i år.
Sjukdomsteikn CWD
koordineringsproblem
vekttap
unormal oppførsel, slappheit, senking av hovud
nervøsitet
overdrive spyttsekresjon
skjering av tenn
økt drikking og urinering
hovudskjelvingar
Ved mistanke
Noter din posisjon, type dyr og evt. kjenneteikn på dyret.
Kontakt oppsynsleiar eller oppsyn i felt.
Dersom du ynskjer å ta prøve av ditt slakt må hovudet takast med, eller jaktoppsyn må ta prøve på slakteplass.
Fotråte
Fotråte vart for fyrste gong oppdaga på villrein i Reinheimen i 2016. Andelen er høgare på kalv enn på vaksne dyr. Ta kontakt med jaktoppsynet dersom du har mistanke om fotråte. Om fotråten har kome langt går dyret og haltar og prøver å halde foten oppe. Ovanfor klauven kan det vera opphovna, og slike dyr blir ofte ståande att for seg sjølve. Dersom det har gått hol på fotråten kjem det ofte ut verk/væske over og mellom klauvene og det luktar.
Dersom allmenntilstanden er normal, er det er ikkje farleg å nytte kjøt frå dyr med fotråte.
For utfyllande informasjon, kontakt eller sjå nettsidane til Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Miljødirektoratet
Kan eg jakte som normalt?
Ja, det kan du, men hugs på nokre ting:
Dersom mistanke, ta vare på slaktet inntil prøvesvar føreligg.
For å redusere risikoen for spredning anbefaler vi at du grev/steinar ned slakteavfall.
Jaktar du i fleire område, oppmodar vi at klede, støvlar og liknande blir grundig reingjort/vaska for å fjerne synlige rester av jord, slakteavfall, avføring osv. Desinfiser utstyr som er brukt under slakting (kniv, sag etc.)
Ved påvising av skrantesjuke blir dyret kassert.
Fotråte hos Villrein. Foto: Kjell Handeland.
Jaktutøving og jegeratferd
Vis omsyn til dyra du jaktar på og til andre jegerar — du er sjeldan åleine. Villreinen ser, høyrer og luktar godt. Den er særleg vàr på røysler og silhuett i kombinasjon med lukt og lydar. Ha dette i bakhovudet når du er på jakt!
Før skotet går:
Ligg roleg og gjøymt og vent på at flokken trekkjer forbi.
Stress ned og vent på tur dersom det er andre jegerar på flokken.
Finn ei god skytestilling – det kan ta tid.
Syrg for at dyret står roleg og fritt.
Sjekk at du har fri bakgrunn og godt kulefang. Hugs på at kula skiftar retning.
Etter skotet har gått:
Ligg i ro og observer.
Sjå etter skotteikn.
Ligg i ro til flokken har trekt unna – da kan andre jegerar få sin sjanse.
Ha klart nødvendige papir for kontroll.
Påskyting, skadeskyting, ettersøk
Alle løyste skot skal reknast som treff. Uansett om dyret teiknar treff eller ikkje, ligg i ro og vurder situasjonen. Merk staden for din skyteposisjon og der dyret stod. Undersøk alltid skotplassen for hår, blod, beinsplintar og andre sporteikn. Dersom dette ikkje blir gjort, blir det rekna for ufullstendig ettersøk. Saka kan difor bli rapportert. Følg etter flokken og om nødvendig ta kontakt med andre jegerar eller oppsyn for hjelp. Dersom pliktig ettersøk blir resultatlaust, varsle oppsynsleiar eller andre oppsyn i terrenget så fort som råd.
Dersom du oppdagar skadd rein:
Meld frå til oppsynet så fort det lar seg gjere. Vurder om dyret er såpass skadd at det bør avlivast. Dersom du har fellingsløyve på tilsvarande dyr, ta straks stilling til om dyret skal takast på eige jaktkort. Dersom ikkje, vom ut dyret, og stell i stand slik at andre eventuelt kan ta over slaktet. Ta kontakt med jaktoppsyn og få beskjed om vidare handtering. Kanskje andre jegerar i området har passande jaktkort.
Gode tips
Bruk signalfarga huve/klede — dette gjer jakta sikrare for deg og alle andre.
Bruk kikkerten flittig.
Villreinutvalet vil på det sterkaste oppmode om måtehald med kommunikasjon/radiobruk.
Tenk på vind, lyd og bevegelse/silhuett når du stiller innpå.
Dersom det er fleire jegerar på flokken — avvent og evt. finn ein post litt unna. Det er sjeldan at meir enn ein jeger får løyst skot.
Vurder terrenget nøye og ver på den sikre sida når det gjeld skyteavstand — mykje av skadeskytinga skjer grunna for lang skyteavstand. Er du usikker, er skyteavstanden som regel for lang.
Det kan vera lurt å gå i andre delar av terrenget enn alle andre. Som regel er det rein også andre plassar som enda ikkje er oppdaga.
Ikkje gå synleg oppreist mot eller etter flokken.
Ta deg god tid til slakting og kjøtthandtering. Hugs at alt kjøt skal ut av fjellet.
Ta med avfall som emballasje og plast ut frå fjellet. Rydd etter deg på leir- og slakteplassar.
Jaktoppsyn og jegerinformasjon
I tillegg til oppsyns- og kontrollverksemd er jaktoppsynet eit informasjons- og serviceorgan. Spør gjerne om tips til jakt, eller hjelp til slakting eller ettersøk om du møter jaktoppsynet i fjellet. Dei er der for å hjelpe både jeger og villrein.
Informasjon om rein og observasjonar blir evt. lagt ut på heimesida til villreinutvalet.no Dette er grovskalert informasjon og ikkje ei fullstendig oversikt. Ofte er berre halvparten eller mindre av stammen observert.
For å unngå mange jegerar i eit område har ikkje jaktoppsynet høve til å informere om villreinobservasjonar over telefon / radio.
Sentrale telefonnummer
Oppsynsleiar: TLF. 45 89 99 10
Leiar Villreinutval: Vidar Vange 91 35 70 38
Sekretær villreinutval: Kristen Dagsgard tlf. 45 47 36 83
Skjåk Almenning: 61 21 39 00
Lesja Fjellstyre: 91 00 51 69
Finndalen Fjellstyre: 90 15 73 62
Politi: 02800
Ambulanse: 113