Rådyrjakt
Det er berre innanbygdsbuande som har høve til å søkje om rådyrjakt i Skjåk Almenning. Bukkejakta startar 10. august og varar til og med 23. september. Ordinær rådyrjakt startar 25. september.
Pris på rådyrkort er kr 900,-.
Jakta er delt inn i tre felt innafor Skjåk Almenning:
Nord (nord for Otta elv)
Midt (mellom Otta elv og Ostre - Liavatnet- Syrtbytta)
Sør (sør for Otta elv - Ostre - Liavatnet - Syrtbytta)
Vanlegvis er det flest søkjarar på sør og nord - og færrast på midtområdet. For ei betre fordeling av jegerar må ein pårekne at ein blir tildelt jakt på anna område enn ein har søkt.
OBS! Åmodtsøye inngår ikkje i noko jaktfelt.
Kart over jaktfelta kan du laste ned her. Merk at for å felle rådyr på innmark treng ein kvar enkelt grunneigar sitt løyve på førehand!
Vi oppmodar alle jegerane til å unngå jakt nær busetnad og i dei mest brukte turområda, vis omsyn og tenk tryggleik!
søknad og utlevering av jaktkort
Frå og med 2022 vil søknad og dokumentflyt bli elektronisk etter same system som reinsjakta;
1. Send inn søknad elektronisk innan søknadsfristen.
2. Dei som får tildelt jakt får tilsendt kontrakt med varsel via e-post/sms.
3. Signer kontrakt innan fristen. Dersom fristen ikkje vert halde, mistar ein tilbodet om rådyrjakt.
4. Det blir sendt ut e-post til alle som får tildelt jakt.
5. Får å få utlevert jaktkortet må ein betale jaktkortet på Skjåk Almenning, syne fram kvittering for betalt jegeravgift og eventuell oppskyting, samt syne fram dokumentasjon på ettersøkshund / avtale.
Jaktkortet kan hentast ut på Skjåk Almenning når jaktkortet er betalt og all naudsynt dokumentasjon er synt fram.