Resultat av reinsjakta 2019

73056617_510540416455170_2322606769081155584_n.jpg

Fellingsresultata frå reinsjakta 2019 er klare. 343 av 443 dyr vart felt med denne fordelinga:

Skjåk Nord - 184 av 224 dyr felt (82%)
Skjåk Søraust - 76 av 114 dyr felt (67%)
Skjåk Sørvest - 83 av 105 dyr felt (79%)

Stabilt god fellingsprosent på Nord, men mindre enn vanleg særleg på Søraust. Innmeldte resultat viser til stabile vekter, men ein del dårlege kalvevekter på Nord. Dette skuldast nok dessverre ein del tilfelle av klauvråte. Inntrykket etter jakta er at mange jegerar prioriterte å få ut desse dyra. Dette er vi veldig glade for! Den tyngste felte bukken vog 98 kg.

Takk til alle reinsjegerar som jakta i Skjåk Almenninng 2019! Søknadsomgangen for 2020 blir opna rundt februar månad.


Birgit Bilstad