Smårovviltkampanje 2019/2020

Årets rypebestand ser relativ dårleg ut, i tillegg til at det nær sagt ikkje er smågnagarar å sjå. Difor vil det vera naudsynt med eit auka uttak av predatorar for å skåne småviltartane. Skjåk Almenning og Skjåk Jeger og Fiskarlag samarbeider om ei kampanje som gjeld for både jakt med våpen og godkjente feller. Alt felt smårovvilt i kampanjen må visast fram for registrering/godkjenning. Knut Soglo frå Skjåk Jeger og Fiskarlag står for denne godkjenninga. Dette gjeld også skotpremie på rev som er sett til kr 500 per rev for innanbygds. Tlf Knut: 95998576

Årets premieringspott på 10 000 kr blir fordelt likt på alle som sankar over 500 poeng. For tildeling av rådyrkort i Skjåk Almenning i 2020 blir også alle som har skote rev i 2019/2020 prioritert fyrst.

Kampanjen varar til og med 15. april da jakttida på rev er slutt. Elles fylgjer so klart ulike jaktsluttdatoar for kvar enkelt art.

Poengfordeling

Rev: 100 poeng

Mår: 80 poeng

Mink/grevling/røyskatt/korp: 50 poeng

Kråke/skatto/nøtteskrike/: 30 poeng

Skitt jakt!

15069056_10153931547136302_4715126205536373449_o.jpg
Birgit Bilstad