Open dag i Skjåk Næringspark og opning av Skjåk Biovarme
Fredag 22.11 er det open dag i Skjåk Næringspark. Med dette er alle som vil inviterte til å besøke fleire sentrale bedrifter i Bismo. Truleg blir du nok overraska over kor stort mangfald og produksjon det er i Skjåk Næringspark!
Her på bruket blir det offisiell opning av bioanlegget som skal forsyne over 2 GWh energi til ulike bygningar i Bismo. Tusenvis av liter med fossil brennolje blir bytt ut med rein flis frå Skjåk. Med dette bioanlegget er det investert 15-16 millionar kroner på tomta til Skjåk Trelast. Ikring 30 bedrifter har vore inkluderte i byggeprosessen, dei aller fleste lokale. Ta turen hit kl. 15:00 for opninga og orientering om bioanlegget. 🌲🌲🔥